Status: På høyring

Høyringsfrist: 03.08.2026

Vår ref.: 26/2655

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om endringar i suppleringsskatteloven med forskrift.

Globalisering og digitalisering har gitt nye utfordringar for landa sine skattesystem. OECD og G20-landa sitt samarbeidsorgan, Inclusive Framework (IF), har på denne bakgrunn utarbeidd modellreglar for global minimumsbeskatning (pilar 2). Reglane skal sikre at store konsern vert skattlagt med ein minimumssats på 15 prosent, uavhengig av kvar dei driv verksemda. I Noreg er modellreglane innført i suppleringsskatteloven med forskrift. Departementet har som mål at suppleringsskatteloven og forskriften skal vere oppdatert og gi eit korrekt bilete av dei materielle reglane så det ikkje vert motstrid mellom dei norske reglane og modellregelverket.

Modellreglane vart ferdigstilt og publisert i desember 2021. I tida etter har IF arbeidd med utfyllande innhald, presiseringar, døme mv. Dei er nedfelt i kommentarane til modellreglane og administrative rettleiingar som supplerer og vidareutviklar modellreglane og kommentarane.

Dette høyringsnotatet gjeld i hovudsak implementering av ei administrativ rettleiing som vart publisert 5. januar 2026. Rettleiinga omfattar fleire endringar i modellregelverket. Endringane er gjeve i form av såkalla Safe Harbour-reglar. Desse omfattar mellom anna reglar som anerkjenner andre regelverk om global minimumsskatt og bruk av nokre typar skatteinsentiv. I tillegg omfattar framlegget reglar om forenkla berekning av suppleringsskatt.

Framlegget omfattar òg eit nytt eige kapittel i suppleringsskatteloven med føresegner om Safe Harbour-reglar og nokre tekniske endringar som har karakter av å vere opprettingar.

I høyringsnotatet vert det føreslått at endringane i hovudsak får verknad frå og med inntektsåret 2026.

Også instansar som ikkje står på høyringslista, kan gje høyringsfråsegn. Vi ber om at den enkelte høyringsinstans vurderer om saka bør sendast til eventuelle underliggjande verksemder, medlemar eller organisasjonar.

Høyringssvar vert gjeve ved å nytte den digitale høyringsløysinga på regjeringa sine nettsider. Høyringsfråsegner er som hovudregel offentlege etter offentleglova. Dei vert normalt publiserte på regjeringa sine nettsider.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 3. august 2026.


Med hilsen
Cecilie Beck Landet (e.f.)                                  Hallvard Wiesener Haga
avdelingsdirektør                                              seniorskattejurist

Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Datatilsynet
Den norske advokatforening
Den norske Revisorforening
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Domstoladministrasjonen
Finansforbundet
Finans Norge
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen Virke
Justis- og beredskapsdepartementet
KS
Kystrederiene
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Bank
Norges Bondelag
Norges Fiskarlag
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og småbrukarlag
Norsk Økrimforening
Norske kredittopplysningsbyråers forening
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Skatteforsk – Centre for Tax Research
SMB Norge
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Tolletaten
Utenriksdepartementet
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
ØKOKRIM
Økonomiforbundet