I 2025 fekk Nav kritikk frå Riksrevisjonen i den årlege revisjonen. Riksrevisjonen peikte på manglar i internkontrollen, mellom anna knytt til loggføring i systema.

– Vi må vere trygge på at internkontrollen i Nav er god. Difor tok eg initiativ til ei ekstern gjennomgang. Vi treng ei uavhengig vurdering av kva som fungerer bra, og kva det er behov for å forbetre, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

KPMG skal blant anna sjå på organisering, roller, ansvar, rutinar og korleis internkontrollen blir følgt opp. Dei skal også vurdere om Nav følgjer lover og reglar, og om rapporteringa er påliteleg. Arbeidet skal munne ut i konkrete tilrådingar for korleis internkontrollen kan bli betre.

– Nav har eit stort og viktig samfunnsoppdrag, og betener rundt 2,8 millionar brukarar kvart år. Då må vi vere trygge på at det er god kontroll med at systema fungerer slik dei skal, seier Stenseng.

Oppdraget startar etter kontraktsignering 29. januar, og skal vere ferdig i løpet av juni 2026.