Temaet er aktuelt etter dokumentaren «Den sorte svane» vart vist på NRK og følger opp møtet finansministeren og justis- og beredskapsministeren hadde med fleire offentlege verksemder i førre veke.

Møtet er lukka, men det blir moglegheit for ein kort kommentar og bilete før møtet, og intervju i etterkant av møtet. 

Deltakarar:

Advokatforeningen, Finans Norge, DNB, Eiendom Norge, NHO, Virke, Regnskap Norge og kryptobørsen Firi.

Tid: Torsdag 20. juni, kl. 08.30-09.30. 

Registrering: Frå kl. 08.00. Hugs pressekort og gyldig ID.

Stad: Justis- og beredskapsdepartementet, Gullhaug torg 4 A.

Påmelding: linda.hafstad@jd.dep.no (i løpet av onsdag 19. juni)

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Linda Hafstad: Mob 470 38 968, linda.hafstad@jd.dep.no