Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding
Tale/innlegg | Dato: 02.10.2026 | Statsministerens kontor
Vi HAAKON, Noregs Konge, stadfester: I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.
Regjeringa har det siste året prioritert å skape tryggleik for økonomien, arbeids- og næringslivet, barna og dei unge, helsa og landet – i tråd med regjeringa sin plan for Noreg.
Tryggleik for økonomien
Regjeringa har arbeidd for å styrkje norsk økonomi og folks kjøpekraft gjennom trygg økonomisk styring.
Veksten i norsk økonomi tok seg opp i fjor, etter nokre år med svakare utvikling. Arbeidsløysa er framleis låg, og sysselsetjinga veks. Lønningane steig meir enn prisane i 2025. Prisveksten er mindre enn før, men er framleis over inflasjonsmålet på to prosent. Styringsrenta vart sett ned to gonger i fjor, men auka igjen i mai.
Regjeringa har som mål at folk skal få betre råd. Maksprisen på barnehage er vidareført. Med eitt barn i barnehagen sparer ein familie minst 31 000 kroner i året samanlikna med i 2021. Hushalda kan velje mellom straumstønad eller Noregspris på straum og fjernvarme.
Regjeringa fører ein kontrollert, rettferdig og berekraftig innvandringspolitikk. Dei siste åra har Noreg teke imot mange flyktningar frå Ukraina. I 2026 er forslag til ein ny integreringsstønad for nykomne flyktningar sendt på høyring, og ei integreringserklæring med tydelege forventningar er innført.
For å bidra til å nå målet om 130 000 nye bustader har regjeringa mellom anna sett i gang arbeid med å forenkle og modernisere byggjeteknisk forskrift, og sett fart på digitaliseringa av plan- og byggjesaksprosessar. Husbankens låneramme er styrkt i fleire omgangar og er på 36 milliardar kroner i 2026. Aldri før er det bygd så mange studentbustader på eitt år som i 2025.
Regjeringa vil fornye, forsterke og forbetre offentleg sektor. I januar la kommunekommisjonen fram den første delutgreiinga si, med forslag til endringar i den statlege styringa av kommunesektoren. Grensa for når kommunar må rapportere på øyremerkte tilskot, er tidobla frå 100 000 kroner til éin million kroner.
Tryggleik for arbeids- og næringslivet
Regjeringa har arbeidd for å skape tryggleik for arbeids- og næringslivet ved å stå opp for norske lønns- og arbeidsvilkår og gi bedriftene stabile og konkurransedyktige rammevilkår.
Regjeringa har lagt fram ein strategi for forenklingar for næringslivet, med tanke på å styrkje konkurransekrafta gjennom enklare regelverk, mindre rapporteringsbyrde og auka bruk av digitalisering og automatisering.
Som ein del av Digitaliseringsdirektoratet har regjeringa etablert KI Norge, for ansvarleg og innovativ utvikling og bruk av kunstig intelligens i norske verksemder. Opprettinga av seks nye forskingssenter for KI og styrking av den nasjonale KI-infrastrukturen bidreg til digital suverenitet.
Innsatsen mot useriøse arbeidsforhold, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er styrkt over fleire år. Arbeidstilsynet har auka tilsynsinnsatsen på området og fått tydelegare heimlar for å gripe inn mot den mest useriøse delen av næringslivet.
Regjeringa legg til rette for vidareutvikling av norsk sokkel og at Noreg er ein stabil energileverandør til Europa. I 2025 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren om lag 20 prosent av Noregs brutto nasjonalprodukt.
Regjeringa har lagt fram tiltak for raskare utbygging av kraftproduksjon og straumnett. Det skal gi betre grunnlag for vekst og verdiskaping i Noreg.
Naturen er grunnlaget for velferda vår. Det siste året har regjeringa mellom anna innført nye tiltak for å styrkje fiskebestandane og økosystemet i Oslofjorden, gjennom tre store nullfiskeområde som vart innførte frå 1. januar 2026. Samstundes går norske klimagassutslepp framleis ned.
Den sterke satsinga på kollektivtransport, gåing og sykkel blir vidareført mellom anna gjennom sju byvekstavtalar, der målet er nullvekst i personbiltransporten. Reforhandlingar av byvekstavtalane for Oslo-området, Trondheims-området og Nord-Jæren har starta opp.
Tryggleik for barn og unge
Regjeringa har arbeidd for å snu negative skuleresultat og gi barn og unge ein trygg oppvekst. Mellom anna har skulane fått nye og tydelege råd om å arbeide med skulemiljø og gi systematisk oppfølging av elevar som strevar fagleg eller sosialt, inkludert elevar med bekymringsfullt fråvær. Regjeringa har også sett i verk tiltak for å handtere vald og truslar i skulen.
I 2026 har regjeringa starta Leseløftet for å styrkje leseferdigheitene til elevane. Regjeringa har dobla tilskotet til skulebibliotek, gitt tilskot til innkjøp av fysiske lærebøker og sett ned ein lesekommisjon som skal gi tilrådingar om korleis barnehagar og skular kan få betre leseprestasjonar. Regjeringa har sendt på høyring forslag som pålegg kommunar å gjere trykte læremiddel og læringsressursar tilgjengelege i grunnskulen.
Barne- og familiedepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har sendt på høyring eit lovforslag om at aldersgrensa for sosiale medium skal vere det året ein fyller 16 år.
Det siste året har vi sett alvorlege tilfelle der barn og unge, både over og under kriminell lågalder, har gjennomført valdshandlingar etter å ha blitt rekrutterte av kriminelle nettverk. Regjeringa har etablert eit hurtigspor for raskare straffesaksbehandling av gjerningspersonar under 18 år i sju politidistrikt. Stortinget har òg løyvd meir midlar til éin-til-éin-oppfølging av ungdommar som utfører kriminalitet, eller er i randsona av kriminalitet, i ti kommunar. Eit nytt straffebod mot å involvere mindreårige i kriminalitet tredde i kraft 1. juli 2026, og Stortinget har vedteke lovendringar som gir barnevernsinstitusjonar større moglegheit til å gripe inn for å beskytte barn som utfører kriminalitet eller er i faresona for det.
Tryggleik for helsa
Regjeringa har prioritert kortare ventetider i sjukehus og eit styrkt tenestetilbod.
Arbeidet har ført til at den gjennomsnittlege ventetida frå tilvising til påbegynt helsehjelp er tilbake på nivåa før pandemien. Om lag 55 000 færre pasientar venta på behandling ved utgangen av juli samanlikna med då Ventetidsløftet starta i mai 2024.
Regjeringa har sett seg eit nytt mål om at pasientar normalt skal ha fått behandling eller vere i gang med behandling innan 60 dagar frå tilvising er motteken.
Gjennom «Mitt sjukehusval» og innføring av «Rett på time» blir det enklare å velje behandlingsstad, og første konsultasjon kjem raskare. Det er også innført insentivordningar der sjukehus som gjennomfører fleire behandlingar enn vanleg, skal kompenserast økonomisk, og operasjonskapasiteten skal utnyttast meir effektivt.
Forsøket med kommunal nettlege er sett i gang i 15 kommunar og gir no om lag 1 million innbyggjarar tilgang til digital legetime i offentleg regi. Erfaringar så langt viser at ein betydeleg del av spørsmåla blir løyste i dialog med nettlegen, utan vidare tilvising til legevakt eller spesialisthelseteneste.
Gjennom Eldreløftet er investeringstilskotet for heildøgns omsorgsplassar gjort meir fleksibelt, og det er oppretta tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad.
Tryggleik for landet
Noreg står i den mest alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Russlands vedvarande angrepskrig mot Ukraina har prega den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa. Konflikten mellom Iran, Israel og USA har hatt store globale sikkerheitspolitiske og økonomiske konsekvensar, også for Noreg.
I statsbudsjettet for 2026 har Stortinget vidareført den ekstraordinære støtta til Ukraina gjennom Nansen-programmet, med ei samla ramme på 85 milliardar kroner. Etter meir enn fire år med forsvarskrig har Ukraina bygd ekspertise og gjort seg erfaringar som vi kan lære av. Regjeringa har derfor inngått eit strategisk partnarskap med Ukraina.
Regjeringa har forsterka det strategiske forsvarssamarbeidet med Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Polen. Det er ein viktig del av garderingsstrategien vår.
Samtidig styrkjer vi vårt eige forsvar. Eit einstemmig Storting vedtok oppdateringar i Langtidsplanen for forsvaret og vidareførte dermed den tverrpolitiske semja om forsvarsløftet.
Regjeringa prioriterer arbeidet med å styrkje den sivile beredskapen for dei aller mest alvorlege krisene, også krig. Auka samarbeid mellom styresmaktene og norsk næringsliv har vore ein prioritet. I Totalforsvarsåret 2026 er det gjennomført aktivitetar i heile landet for å oppdatere planverk, øve og sikre at sivilsamfunnet er førebudd på si rolle i totalforsvaret.
Norsk politi har vore generelt væpna sidan 1.juli 2025, ei ordning Stortinget lovfesta i juni i år. Regjeringa har prioritert å styrkje politiet og PST sin innsats mot etterretnings-, påverkings- og sabotasjetrusselen.
Regjeringa har intensivert innsatsen for å sikre norske interesser i ei turbulent tid for internasjonal handel, og har samla det overordna ansvaret for handelspolitikken i Utanriksdepartementet. Regjeringa har forhandla fram fleire frihandelsavtalar gjennom EFTA og har arbeidd for å reformere og forbetre Verdshandelsorganisasjonen, WTO.
Samarbeidet med både europeiske land og EU har blitt viktigare for Noreg på ei rekkje samfunnsområde. Regjeringa har teke grep for å effektivisere arbeidet med å innlemme EØS-relevante rettsakter. Det siste året er rundt 550 rettsakter innlemma i EØS-avtalen.
---
Sysselsetjinga har auka jamt dei siste par åra. Partane i frontfaget var einige om ein årslønnsvekst på 4,4 prosent i 2026. Lønnsoppgjeret i 2026 er eit hovudoppgjer, og avtalerevisjonane har i hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling. Prisveksten, målt med endringa i konsumprisindeksen siste 12 månader, var 3,3 prosent i juli. Hushalda si gjeld målt som andel av inntekta har falle dei siste åra, men gjeldsbelastninga er framleis på eit høgt nivå, både historisk og samanlikna med andre land, noko som gjer norsk økonomi sårbar. Noreg har store overskot i handelen med utlandet. I første halvår var overskotet på driftsbalansen 527 milliardar kroner.
10 000 unge mellom 20 og 29 år stod utanfor arbeid eller utdanning i 2025, ifølgje tal frå Nav. Det var 4 000 færre enn i 2024, tilsvarande ein nedgang på 0,5 prosenteiningar. Både i tal og som andel av alle unge under 30 år er utanforskapet klart lågare enn i åra før pandemien.
Gjennom Ungdomsløftet har regjeringa forsterka innsatsen for unge som står utanfor arbeidslivet, og fleire nye forsøk er sette i gang. Det er mellom anna lansert eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, særleg for unge som står utanfor arbeidslivet. Arbeidstilsynet har i aukande grad prioritert å støtte verksemdene i eit systematisk og førebyggjande arbeid, til dømes førebygging av sjukdom. Dette følgjer mellom anna av seinare års forsking, som viser at arbeidsrelatert sjukdom er ei klart større årsak til dødsfall enn arbeidsrelaterte ulukker.
Regjeringa prioriterer arbeidet med å betre konkurransen i daglegvarebransjen høgt. Regjeringa har sett i verk tiltak for betre prisinformasjon og betre tilgang til butikklokale, sendt forslag til forskrift om tilgang til fullsortimentsgrossistar for detaljistar på høyring, og sendt forslag til endringar i lov om god handelsskikk til Stortinget.
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026 vart det opna for at det kan investerast i private fond under Investinors direkteinvesteringsmandat og gjennom fond-i-fond-konstruksjonar, saman med private investorar og nordiske og europeiske verkemiddelaktørar. Dermed kan dei likvide midlane i selskapet på over 1 milliard kroner investerast i fond. Samtidig vart det opna for at Investinor i delar av aktiviteten sin kan samarbeide med pensjonskasser og andre, om fond-i-fond-løysingar.
I 2026 blir reine forsvarsutgifter anslått til om lag 3,1 prosent av BNP. Budsjettvedtaket i Stortinget inneber at dei økonomiske rammene for langtidsplanen for forsvarssektoren er styrkte med over 121 milliardar kroner til 2036.
Under forsvarsministermøtet i Nato i juni vart to norske initiativ underteikna. Begge handlar om forsterka samarbeid om maritim sikkerheit. Det første legg opp til eit tettare samarbeid om sikkerheita i Nord-Atlanteren, Arktis og Austersjøen. Det andre styrkjer samarbeidet om antiubåtkrigføring. Initiativa signaliserer europeisk evne og vilje til å ta større ansvar for eiga sikkerheit. Noreg slutta seg også til Natos nye vertslandsstøttekonsept.
Før jul la regjeringa fram ein dronestrategi for forsvarssektoren. Strategien skildrar korleis forsvarssektoren og dei ulike forsvarsgreinene skal kunne ta i bruk droneteknologi i takt med den teknologiske utviklinga. Den oppdaterte langtidsplanen inneber ei ytterlegare satsing på dronar og andre autonome system.
Regjeringa har følgt opp vegkartet for auka produksjonskapasitet i forsvarsindustrien, som vart lagt fram i 2024. I året som har gått, har regjeringa bidrege til at produksjonskapasiteten for missil, rakettmotorar og avansert militært sprengstoff kan auke. Regjeringa har også styrkt forsvarsevna saman med dei nærmaste allierte gjennom samarbeid om investeringar og vedlikehald. Felles materiellsamarbeid bidreg til lågare kostnader, auka materiell-likskap og betre beredskap.
Personellopptrappinga i Forsvaret har i stor grad følgt ambisjonen i langtidsplanen. Utdanningskapasiteten er styrkt gjennom auka elev- og studentkvotar ved Forsvarets høgskole og våpenskulane. Majoriteten av dei variable lønnstillegga i Forsvaret gir no pensjon, i tråd med Høgsteretts dom og vedtak i Stortinget. Regjeringa har også vedteke ei ny forskrift som gjer at fleire av utdanningane i Forsvaret kan gi formell dokumentasjon og studiepoeng, på linje med sivile fagskuleutdanningar. Før sommaren sette regjeringa ned eit veteranlovutval, som innan utgangen av 2027 skal kome med forslag til ei lov som skal sikre anerkjenning, rettar og oppfølging av veteranar, familiane deira og dei etterlatne.
Den sikkerheitspolitiske situasjonen er særleg merkbar i nordområda. Regjeringa sin nordområdepolitikk styrkjer norsk handlefridom og sikkerheit gjennom auka forsvarsevne, alliert samarbeid og kunnskapsbygging, med vekt på livskraftige lokalsamfunn, betre infrastruktur og eit totalforsvar som skaper tryggleik, beredskap og aktivitet i nord.
Frå fleire hald har etablerte normer for internasjonalt samarbeid blitt utfordra. Norsk utanriks- og utviklingspolitikk er avhengig av respekt for folkeretten og eit velfungerande internasjonalt samarbeid gjennom FN, Verdsbanken, Den europeiske menneskerettsdomstolen og andre internasjonale institusjonar. Regjeringa er tydeleg når folkeretten blir broten, uansett kven som bryt han. Noreg har derfor også vore ein pådrivar i FN-reform-prosessen kalla FN80. Norsk utviklingspolitikk er forankra i berekraftsmåla, klimamåla og menneskerettane, og er tett kopla til utanriks- og sikkerheitspolitikken. Gjennom Prosjekt Vendepunkt er det gjennomført omfattande konsultasjonar nasjonalt og internasjonalt.
Noreg har arrangert møte i Givarlandsgruppa for Palestina, innført tiltak mot valdelege busetjarar og sendt lovforslag om forbod mot handel med Israels ulovlege busetjingar på høyring. Regjeringa har teke initiativ til ein resolusjon i FNs generalforsamling om Israels folkerettslege forpliktingar i Palestina. Den vart vedteken med stort fleirtal.
Arbeidet med økonomisk sikkerheit er styrkt i tråd med Nasjonal sikkerheitsstrategi. Noreg og Europakommisjonen underteikna i mars i år ein avtale om norsk deltaking i europeiske romprogram som styrkjer samarbeidet vårt om sikker satellittkommunikasjon og gir norsk romindustri nye moglegheiter.
Innsatsen mot kriminelle nettverk og organisert kriminalitet er høgt prioritert og blir følgt opp med ei rekkje ulike tiltak. Det er mellom anna foreslått nye reglar om inndraging av utbytte og nye heimlar for informasjonsdeling, og fleire regelverksendringar er under utgreiing. Den nasjonale innsatsen politiet gjer mot kriminelle nettverk, etablert som ei følgje av regjeringa si satsing, er vidareutvikla i 2026.
Nye heimlar i straffelova og straffeprosesslova gir politiet høve til sjølvstendig inndraging av verdiar og utbytte frå kriminalitet, og dessutan utvida heimel for å bruke dronar til skjult kameraovervaking.
I tråd med forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke lovendringar som har som hovudformål å redusere utfordringane med isolasjon i fengsla. Menneskeleg kontakt er viktig for ei vellykka tilbakeføring til samfunnet.
Stortinget har i samsvar med forslag frå regjeringa vedteke nye reglar om rekonstruksjonsforhandlingar. Formålet er å gjere rekonstruksjonsreglane meir effektive, slik at det blir lagt til rette for gode rekonstruksjonsløysingar som kan redde levedyktige verksemder frå konkurs.
I tråd med forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke regelverk i samsvar med EUs «Pakt for migrasjon og asyl». Tiltaka, som tredde i kraft 12. juni, skal bidra til å nedkjempe ulovleg migrasjon og forhindre sekundærmigrasjon i Europa. Frå april tok Noreg i bruk det nye felleseuropeiske inn- og utreisesystemet EES (Entry/Exit System) fullt ut. Systemet er eit viktig steg i arbeidet med å modernisere og effektivisere grensekontrollen.
Ved utgangen av mai 2026 hadde rundt 100 000 fordrivne frå Ukraina fått kollektivt vern i Noreg. Regjeringa vurderer jamleg behovet for endringar og tilpassingar i ordninga. Frå 5. mai 2026 får menn frå Ukraina mellom 18 og 60 år ikkje lenger kollektivt vern i Noreg, med nokre unntak.
Regjeringa har hatt på høyring eit forslag om utvida løyve til å utvise utlendingar som politiet fryktar vil utføre kriminelle handlingar. Ei ny lov om særskild innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald tredde i kraft 1. juli 2026.
Det er eit eige svalbardpolitisk mål å halde ved like norske samfunn på Svalbard. Å halde liv i samfunnet i Longyearbyen er viktig av fleire grunnar, mellom anna nasjonal sikkerheit. Det same er tilfellet for nasjonal kontroll med kritisk infrastruktur på Svalbard. I januar vart Svalbard Energi AS overført frå Longyearbyen lokalstyre til staten ved det heileigde selskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani, og bustadene til lokalstyret vart overførte til staten ved Statsbygg i april.
Regjeringa har lagt fram forslag til ny lov om datadeling og dataforvaltning, og lova er vedteken av Stortinget. Formålet med lova er å fremje auka bruk av data frå offentleg sektor ut i samfunnet, både for verdiskaping og for auka openheit i offentleg sektor.
Teknologien i dagens naudnett baserer seg i hovudsak på gammal teknologi, og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har ansvaret for arbeidet med det nye naudnettet.
Regjeringa har også fastsett endringar i datasenterforskrifta for å styrkje nasjonal sikkerheit og kriminalitetsnedkjemping.
Noregs eksport av olje og gass er viktig for Europas energiforsyning og energisikkerheit, og utgjorde om lag 15 prosent av oljeforbruket og 30 prosent av gassforbruket i EU og Storbritannia i 2025. Oljeproduksjonen var på det høgaste nivået sidan 2009, og gassproduksjonen var også på historisk høgt nivå.
Regjeringa har styrkt satsinga på CO2-handtering betydeleg, med nye verkemiddel gjennom Enova. Dette gjer det enklare for norsk industri å kutte utslepp. Langskip, Europas første komplette verdikjede for CO2-handtering, starta fangsten i august 2025, og over 150 000 tonn CO2 er lagra til no. Regjeringa har fastsett klimakrav til offshoreskip, og eit forslag om klimakrav på offentlege byggje- og anleggsplassar er sendt på høyring.
Det er stor etterspørsel etter meir kraft og nett til etablering av nye bedrifter og omstilling av eksisterande bedrifter. For å nå målet om raskare utbygging av kraft og straumnett har regjeringa foreslått færre utgreiingskrav, å fjerne statsforvaltarens motsegnsrett og å setje ein frist på to år for å behandle søknader. Målet er å halvere tida det tek å byggje ut straumnett. Kommunane skal få inntekter frå vindkraft tidlegare enn i dag.
Per mai 2026 har NVE rundt 150 kraftprosjekt til behandling, tilsvarande 7,3 TWh. Prosjektutviklinga i havvindprosjektet i Sørlege Nordsjø II og tildelinga av to prosjektområde på Utsira Nord er viktige milepålar for auka kraftproduksjon. I 2025 hadde Noreg eit rekordstort kraftoverskot på rundt 23 TWh, og det vart sett i drift 589 GWh ny kraftproduksjon, ein auke på 174 GWh frå 2024. Store regionale skilnader i ressurssituasjonen førte likevel til store prisskilnader: I Sør-Noreg vart ein høg fyllingsgrad ved starten av året etterfølgt av lite snøsmelting og ein fyllingsgrad under normalen frå juni og ut året, noko som førte til ein prisoppgang frå 2024. Fyllingsgraden i Midt- og Nord-Noreg låg derimot på rekordnivå gjennom heile året, og kraftprisane vart lågare enn i 2024.
Endringar i energilova for å styrkje beredskapen tredde i kraft 1. juli 2026. Dei gir Kongen i statsråd heimel til å påleggje nettselskap å prioritere spesifikke uttakskundar når nasjonale sikkerheitsinteresser krev det.
Kvart år legg regjeringa fram klimastatus og -plan som gjer greie for korleis Noreg ligg an til å nå klimamåla. Klimapolitikken verkar, og nasjonale utslepp går framleis nedover. No er det éin million elbilar på norske vegar, og måla for andelen selde elbilar og bybussar utan klimagassutslepp er nådde. Mange kommunar har jobba målretta med å flytte transport frå personbil til kollektivtransport, sykkel og gåing gjennom byvekstavtalane med staten, og regjeringa har auka løyvingane for å redusere prisen på periodebillettar.
Regjeringa prioriterer utviklinga av ny teknologi for å setje fart på omstillinga og redusere utsleppa ytterlegare. I mai 2026 fastsette regjeringa derfor klimakrav til offshorefartøy og sende krav til offentlege byggje- og anleggsplassar på høyring. Enova kan no bruke minst 1,7 milliardar kroner for å redusere blanda og biogene utslepp frå industri og avfallshandtering, gjennom ei ny støtteordning for karbonfangst og -lagring.
Noreg har vore i dialog med EU-land for å sikre tilgang til utsleppsreduksjonar som vil telje mot Noregs forpliktingar i klimasamarbeidet med EU. Initiativ for globale utsleppsreduksjonar er Noregs innsats for samarbeid med land utanfor Europa om klimamål under Parisavtalens artikkel 6. Artikkel 6 er etablert for å auke tempoet i den globale omstillinga.
Regjeringa har også vidareført innsatsen mot pukkellaks for å verne norske villaksbestandar. Som ein del av oppfølginga av kvalitetsnorma for villrein la regjeringa i juli 2026 fram ein tiltaksplan for Hardangervidda villreinområde. I tillegg har regjeringa verna ei rekkje nye område både i sjø og på land.
Regjeringa la 12. juni fram Helsepersonellplan 2040, ein plan med over 150 tiltak for å møte den forventa mangelen på helsepersonell fram mot 2040. Behovet for personell i helse- og omsorgstenestene veks raskare enn tilgangen. Planen omfattar tiltak innanfor arbeidsmiljø, oppgåvedeling og organisering av arbeidsprosessar, teknologi og rekruttering, retta mot både kommunale helse- og omsorgstenester og sjukehus.
Prosjekt X omfattar 14 utprøvingar der kommunar og spesialisthelsetenesta i fellesskap prøver ut nye modellar for å levere tenester på tvers av nivåa.
Ei ny helsereform er under arbeid for å skape ei meir heilskapleg og samanhengande helseteneste, der innbyggjarar, pårørande og fagfolk opplever éi felles helseteneste. Reforma skal byggje på utgreiinga frå Helsereformutvalet, som skal levere sin rapport 2. november 2026, og erfaringar frå dei 14 utprøvingane i Prosjekt X, der kommunar og spesialisthelsetenesta i fellesskap prøver ut nye modeller for å levere tenester på tvers av nivåa.
Gjennom Eldrebarometeret, som no er teke i bruk i heile landet, er kunnskapsgrunnlaget om kvalitet i tenestene til eldre styrkt.
Det er eit mål at ein i løpet av regjeringsperioden skal få ned ventetida for høyreapparat til fire månader, og arbeidet er godt i gang. Mellom anna er regelverksendringar som skal bidra til meir formålstenlege og effektive pasientforløp, sende på høyring.
Fastlegane har fått sterkare insentiv til å drive godt sjukefråværsarbeid. Fleire tiltak er sette i gang for å fremje helse og arbeidsevne. Mellom anna er arbeidet med Nasjonal arbeidsmiljøstrategi sett i gang, og forslag til endringar i folketrygdlova og arbeidsmiljølova om medverknads-, aktivitets- og tilretteleggingsplikta o.a. ved sjukefråvær er sendt på offentleg høyring.
Dei regionale helseføretaka er bedne om å inngå fleire langsiktige avtalar med private og ideelle aktørar, slik at kapasiteten blir utnytta best mogleg.
Regjeringa har starta fleire tiltak for å gjere arealprosessane enklare og meir effektive. Motsegnsprosjektet som regjeringa har sett i gang, ser nærmare på statlege og regionale styresmakters bruk av motsegner i plansaker, og har som mål å redusere saksbehandlingstida og konfliktnivået mellom styresmakter og private forslagsstillarar i planprosessar etter plan- og bygningslova. Prosjektet skal bidra til tettare samarbeid mellom arealdepartementa og betre samordning av statleg arealpolitikk. Vidare har regjeringa sett i gang arbeid med endringar i plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter for å bidra til å gjere arealprosessane enklare og meir effektive.
For å samle og forsterke bustad- og bygningspolitikken skal Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet slåast saman, med verknad frå 1. januar 2027.
Regjeringa vil redusere statleg detaljstyring av kommunesektoren og auke det lokale handlingsrommet. Kommunekommisjonen la fram si første delutgreiing i januar i år, med forslag til endringar i den statlege juridiske og økonomiske styringa. I kommuneproposisjonen for 2027, som vart lagd fram i mai, har regjeringa varsla oppfølging av kommisjonens forslag.
Regjeringa har starta arbeidet med ei stortingsmelding om forsoningspolitikken. Den skal leggjast fram hausten 2027. Arbeidet skal skje i dialog med Sametinget og med representantar for dei nasjonale minoritetane det gjeld. På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet greier UiT Noregs arktiske universitet ut korleis eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett kan organiserast.
Regjeringa har prioritert å følgje opp kvalitetsløftet i barnevernet, som skal bidra til auka kvalitet og handlingsrom i kommunalt barnevern, betre rettssikkerheit når barn må flytte heimanfrå, og betre tilbod til barn på barnevernsinstitusjon. Det blir arbeidd med å heve kapasiteten og kvaliteten på institusjonstilbodet, og med å oppfylle bistandsplikta til Bufetat. Mellom anna er det etablert kompetansestøtteteam i alle Bufetats regionar, som skal støtte opp om fosterheimsarbeidet i kommunane og bidra til betre rammer rundt fosterheimane.
Det er sett i gang arbeid for å følgje opp rapporten frå ekspertutvalet om organisering og styring av statleg barnevern; Bufdir er i gang med å greie ut framtidig oppgåveløysing i og organisering av Bufdir og Bufetat. Regjeringa er i gang med å utarbeide ein eigen kompetanseplan for det kommunale barnevernet.
I februar leverte fødselstalutvalet sin rapport om årsaker til fallet i fødselstal og konsekvensar av dette. I juni fekk regjeringa rapport frå granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar, som er sendt på høyring.
Regjeringa har nyleg lansert Forbrukaragenda 2030. Ho har også gjort det enklare for forbrukarane å ta miljøvennlege val, gjennom Prop. 38 LS (2025–2026). Den vart behandla i Stortinget våren 2026 og stiller mellom anna strengare krav til bruk av berekraftsmerke på produkt.
Kyrkjebevaringsfondet hadde det første heile driftsåret i 2025, og nær 350 kyrkjer inngår i ordninga til no.
I 2026 er 4,1 milliardar kroner fordelte til idrettsformål frå overskotet til Norsk Tipping AS. Av dette vart i overkant av 2 milliardar fordelte til idrettsanlegg i kommunane. Gjennomsnittleg ventetid på tildeling i ordninga har gått vidare ned og er redusert til litt over eit halvt år. Ordninga er no forskriftsfesta med verknad frå 15. juni.
Over 1,1 milliardar kroner er fordelte til kulturformål frå overskotet til Norsk Tipping i 2026. I fordelinga har regjeringa prioritert leselyst, auka deltaking og mangfald i kulturlivet. Midlane er fordelte etter ei ny forskrift, som vart fastsett 17. april 2026.
Regjeringa har sørgt for full momskompensasjon dei siste fem åra; i 2026 er løyvinga på over 3 milliardar kroner. I 2025 mottok rundt 25 000 lag og foreiningar midlar frå ordninga, og nytt regelverk tredde i kraft frå 1. januar 2026. Ei rekkje nye og fornya kulturarenaer som er finansierte over ordninga Nasjonale kulturbygg, er opna, mellom anna nytt formidlingsbygg for Norsk Skogfinsk Museum på Svullrya i Grue, og nytt bygg for samlokalisering av Anno museum og Nasjonalarkivet på Domkirkeodden på Hamar.
Inkorporering av CRPD i menneskerettslova sende eit tydeleg signal om at menneskerettane til personar med funksjonsnedsetjing skal respekterast og sikrast. I tråd med dette har regjeringa lagt fram ein revidert strategi for personar med funksjonsnedsetjing, med vekt på å gjennomføre CRPD i politikkutforming, myndigheitsutøving og tenesteyting. Strategien varer ut 2030 og har fire innsatsområde: demokrati og likestilt deltaking, tryggleik og fridom frå diskriminering, eit godt verkemiddelapparat, og eit universelt utforma samfunn.
Regjeringa har styrkt kvaliteten i barnehagane gjennom eit løft for betre kompetanse, meir stabil bemanning og reduksjon av sjukefråvær. I 2026 har Stortinget løyvd over éin milliard kroner til kommunane for å betre bemanningssituasjonen i barnehagane. Under denne regjeringa er talet på studieplassar for personar som jobbar i barnehage, og som ønskjer å utdanne seg til barnehagelærar, femdobla, slik at 500 tilsette får tilbod om utdanning denne hausten. Det er også løyvd midlar til IA-bransjeprogram for barnehagar, som tilbyr tiltak for å få ned sjukefråværet, førebyggje fråfall og støtte langsiktig og systematisk arbeidsmiljøarbeid.
Læreplanane for skulen er endra for å redusere bruken av skjerm og gjere det tydeleg at digitale einingar skal brukast med særskild varsemd i undervisninga av dei yngste elevane. Generativ kunstig intelligens – KI – skal i hovudsak ikkje brukast på barnetrinnet og gradvis og forsiktig på ungdomstrinnet. I vidaregåande opplæring skal elevane lære å bruke KI på ein kritisk og formålstenleg måte. For å avgrense KI-juks er førebuingsdelen til dei fleste eksamenar fjerna, og talet på tillatne hjelpemiddel på eksamen er redusert. Ope nett er stengt under eksamen, og sikker nettlesar er alt innført for fleire eksamenar. Regjeringa har vidare starta arbeidet med ein ny strategi for realfag og teknologi.
For å sikre betre samsvar mellom utdanningstilboda og kompetansebehova i samfunnet har regjeringa starta arbeidet med eit kompetansebudsjett. Under denne regjeringa er det prioritert å auke kapasiteten med 2 000 nye studieplassar ved universitet og høgskular innanfor helse- og sosialfag, teknologiske og naturvitskaplege fag og barnehagelærarutdanning, og det er oppretta 2 900 nye studieplassar ved fagskulane.
Livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo er snart ferdig, og delar av bygninga er tekne i bruk i 2026. Regjeringa har starta opp arbeidet med ein ny langtidsplan for forsking og innovasjon.
Staten og jordbruket har inngått ein jordbruksavtale med ein auke på 3 660 millionar kroner. Avtalen bidreg, saman med tidlegare jordbruksoppgjer i denne regjeringsperioden, til at jordbruket får inntektsmoglegheiter på nivå med samanlikningsgruppa i 2027, korrigert for overproduksjon. Jordbruksavtalen blir også framover dreidd i ei meir klima- og miljøvennleg retning.
Staten har også inngått reindriftsavtale med ei ramme på 275 millionar kroner. Avtalen styrkjer rammevilkåra for reindrifta og støttar opp om næringsutøvarar som har reindrift som hovudverksemd.
Transportsektoren spelar ei avgjerande rolle i totalforsvaret og for å halde ved like kritiske samfunnsfunksjonar i fred, krise og krig. For å styrkje den nasjonale transportberedskapen etablerte Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet våren 2026 Strategisk råd for beredskap i transportsektoren. Utpeika etatar har også fått i oppdrag å etablere og leie beredskapsråd for jernbane-, veg- og luftfartssektoren, og fylkeskommunane og næringslivet er representerte i rådsstrukturen.
Jernbanen i Noreg har aldri køyrt så mange tog eller frakta så mange passasjerar som i 2025, med i overkant av 84 millionar reiser. Talet på avgangar mellom Oslo og Gjøvik, Bergen og Voss er auka, og dessutan er det fleire avgangar i helgene mellom Bergen og Arna og på Trønderbanen. Trondheim S stod ferdig i desember 2025.
Fleire nye og utbetra veganlegg er ferdigstilte, mellom anna E16 Bjørum–Skaret i Akershus og Buskerud, E16 Dalevåg-, Dalseid-, Trollkone-, Hernes- og Hyvingstunnelane i Vestland og E39 Osli–Hove i Rogaland.
Nullvisjonen om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken ligg til grunn for trafikksikkerheitsarbeidet. I 2025 mista 106 menneske livet i vegtrafikken, og 645 menneske vart hardt skadde. Tala så langt viser at 83 menneske omkom på vegane i dei åtte første månadene i år.
Noreg er etablert som internasjonal testarena for null- og lågutsleppsluftfart. Det første testprogrammet, med flygingar hovudsakleg mellom Stavanger og Bergen med eit batterielektrisk luftfartøy, vart avslutta i slutten av januar 2026. Det andre testprogrammet er i gang.
Som ein del av oppfølginga av regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren tredde krav om HMS-kort for godstransport med varebil i kraft 1. januar 2026.
Som ledd i arbeidet med å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i heile landet tredde fleire endringar i drosjeregelverket i kraft 1. januar. Mellom anna er det no krav om at løyvehavar berre kan vere tilknytt éin sentral, og fylkeskommunane får større fleksibilitet ved tildeling av einerettar. Krav om internkontroll i verksemda til drosjesentralane og tilknytte løyvehavarar tredde i kraft 1. juli.
Gitt på Det Kongelige Slott 25. september 2026
Under vår hand og riksseglet