Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

No blir det enklare å få studielån som vaksen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår fleire tiltak i Lånekassen som vil bidra til at fleire vaksne kan ta utdanning og lære heile livet. Det blir enklare å ta opp lån, vi innfører eit tilleggslån for vaksne over 30 år og det blir betre vilkår for deltidsutdanning. Endringane kostar 41 millionar kroner i 2020.

– Støtteordningane i Lånekassen er i dag best tilpassa unge studentar som tek si første utdanning, men behova i arbeidslivet gjer at fleire må bygge på utdanninga si eller ta ei heilt ny utdanning. Då må vi legge til rette for at Lånekassen òg gir eit godt tilbod til vaksne. For eksempel foreslår vi å auke aldersgrensa for når lån kan bli reduserte frå 45 til 50 år, og auke aldersgrensa for når lånet skal vere tilbakebetalt frå 65 til 70 år, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Forslaget om å auke aldersgrensene for støtte inneber at ein person som blir eldre enn 45 år innan planlagd utdanning er fullført, risikerer å få lågare støtte enn det ein elles ville hatt rett til, slik regelverket er i dag. Forslaget om å auke aldersgrensa til 50 år før støtta blir redusert skal gjere det enklare for vaksne arbeidstakarar å oppdatere kunnskapen sin eller ta ei ny utdanning.

Betre tilpassa støtteordningar for vaksne

Markussen-utvalet peikar på at den viktigaste barrieren for å velje meir utdanning, er at inntekta ein har vil gå vesentleg ned medan ein tek utdanning.

I dag må ein person studere minst 50 prosent for å i det heile teke kunne få støtte frå Lånekassen. I tillegg blir studiestøtta gitt ut frå ein trappetrinnsmodell, som betyr at ein person som studerer 60 prosent, berre får støtte som om han studerte 50 prosent. For å tilpasse støtteordningane til vaksne som studerer medan dei er i arbeid, foreslår regjeringa at ein frå 2020 skal kunne få støtte ut frå kor mykje dei faktisk studerer. Studerer ein 60 prosent får ein 60 prosent av støttebeløpet ein heiltidsstudent får.

– Vi vil betre vilkåra for å ta deltidsutdanning, mellom anna fjerne kravet om at ein må studere minst 50 prosent for å kunne få støtte, seier forskings – og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Rett til støtte for dei som studerer mindre enn 50 prosent kostar 17,7 millionar kroner, medan eit betre system for å berekne støtte til deltidsutdanning aukar utgiftene til utdanningsstøtte med 17 millionar kroner.

Tilleggslån for vaksne og dei som har barn

Vi foreslår å innføre tilbod om tilleggslån til vaksne over 30 år, og dei som har barn. Dei ulike målgruppene kan få: 

  • inntil 100 000 kroner per undervisningsår for personar over 30 år i høgare utdanning og fagskule
  • inntil 50 000 kroner per undervisningsår for personar over 30 år i vidaregåande opplæring
  • inntil 50 000 kroner per undervisningsår for studentar og elevar med barn, også dei under 30 år

Det vil likevel, over tid, ikkje vere høve til å ta opp meir enn 200 000 kroner i samla tilleggslån. Tilbodet om tilleggslån har ein kostnad på 6,1 millionar kroner.