No får kommunane 150 mill. kr til bøker i barnehage og skular
Pressemelding | Dato: 21.05.2026 | Kunnskapsdepartementet
I dag får kommunar over heile landet øyremerkte midlar til innkjøp av bøker til barnehage og skular. Sjekk kor mykje din kommune får.
– Arbeidarparti-regjeringa har sett i gang ei historisk satsing på lesing, som ein del av regjeringa sin plan for Noreg. Aldri før har kommunane fått så mykje pengar til fysiske lærebøker. I år har vi òg prioritert bøker til barnehagen, slik at barn frå tidleg alder får tilgang til gode leseopplevingar, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Midlane blir fordelte etter kor mange barnehagebarn og elevar kommunane har.
Betre balanse mellom skjerm og bok
Dei siste åra har regjeringa, gjennom budsjettsamarbeid på Stortinget, øyremerkt godt over ein halv milliard kroner til innkjøp av trykte lærebøker til skulen.
I år får kommunane 140 millionar kroner til innkjøp av trykte lærebøker. Nordtun understrekar at dei nye midlane kjem i tillegg til dei lærebøkene kommunane allereie skal kjøpe over eigne budsjett.
– I fleire år blei digitale læremiddel prioriterte framfor fysiske lærebøker på mange skular. Den utviklinga er i ferd med å snu. Lærarane må ha reell fridom til å velje det som fungerer best i undervisninga, også trykte lærebøker, seier ho.
Regjeringa meiner utviklinga allereie er i gang.
– Vi ser at færre førsteklassingar får eige nettbrett eller PC i skulen. Det er veldig positivt. Dei yngste barna treng først og fremst å lære å lese, skrive og konsentrere seg, ikkje meir skjermtid, seier Nordtun.
Samstundes er det naudsynt at dei elevane som treng digitale læremiddel får det. Nytt i år er at det også er åpna for at kommunane kan nytta inntil 10 prosent av midlane til digitale versjonar av dei fysiske læremidlane, til elevar med til dømes dysleksi.
Leseglede frå tidleg alder
I år har kommunane for første gong kunna søkje om midlar frå ein pott på 10 millionar kroner til å kjøpe inn bøker i barnehagane. Ei rekkje undersøkingar har over tid vist at norske barn og unge har svakare leseprestasjonar og lågare leselyst enn tidlegare. Det er særleg urovekkjande fordi lesing er inngangen til all annan læring.
I ein studie frå Nasjonalt lesesenter seier ein av tre foreldre at dei ikkje les for barna sine.
– Dette uroar meg, særleg fordi høgtlesing kan gjere underverk for barn si språkutvikling. Difor satsar vi på fleire bøker i barnehagen, slik at alle barn kan oppleve leseglede uavhengig av kva bakgrunn og føresetnader dei har, seier Nordtun.