Nett-tv Snart skal fleire fagskuleutdanningar bli meir avanserte

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

– Arbeidslivet kjem til å mangle viktig kompetanse i åra framover, og vi treng fleire med fagskuleutdanning. Grepa vi tek no vil gi fleire fagarbeidarar moglegheit til å spesialisere seg heile livet, og vere med på å styrkje Noregs konkurransekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Deltakarar frå utdanningsinstitusjonar, fylkeskommunane, partar i arbeidslivet, interesseorganisasjonar og studentorganisasjonar er til stades når Aasland sparkar arbeidet i gang.

Eit løft for fagskulane og yrkesfagleg utdanning                            

Til no har læringsutbyttet studentane oppnår gjennom fagskuleutdanningar vore avgrensa til nivå 5 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).

Regjeringa vil no revidere kvalifikasjonsrammeverket slik at fagskulane får høve til å tilby høgare yrkesfagleg utdanning på NKR-nivå 6 og 7. I tillegg skal nivåbeskrivingane for universitets- og høgskuleutdanningar gjennomgås. Ei viktig føring for arbeidet er at arbeidet framover ivaretar heilskapen  og samanhengen i rammeverket.

Fagskuleutdanningane skal plasserast i ei eiga yrkesfagleg søyle, parallelt med søyla for universitets- og høgskuleutdanning.

Arbeidet er ei oppfølging av fagskulemeldinga som regjeringa la fram våren 2025.

Innspelsmøte i fleire byar

Kunnskapsdepartementet har gitt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i oppdrag å utarbeide nye og reviderte nivåbeskrivingar for NKR-nivåa 5–8 innan 1. november 2026. Deretter skal forslaget sendast på høyring.

Framover vil det bli halde dialogmøte om arbeidet i Bergen, Tromsø og Trondheim der relevante aktørar får høve til å gi innspel. Sektoren kan òg sende skriftlege innspel fram til 27. mars.

Les meir om arbeidet med å vidareutvikle Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).