Noreg og Færøyane einige om fiskekvoteavtale for 2026
Pressemelding | Dato: 20.12.2025 | Nærings- og fiskeridepartementet
Noreg og Færøyane vart i dag einige om ein avtale for fisket i 2026. Avtalen sikrar norske fiskarar viktige moglegheiter i færøyske farvatn også i 2026, og vidarefører det gode samarbeidet mellom partane.
– Avtalen med Færøyane er viktig for norske fiskarar og for berekraftig forvaltning av havressursane. Vi har funne gode løysingar som gir aktivitet for næringa, samtidig som vi tek omsyn til bestandane. Det er slik vi byggjer langsiktig samarbeid, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
I samsvar med nedgangen i torskekvoten i Barentshavet inneber avtalen for 2026 ei reduksjon av kvotenivået frå årets avtale. Noregs kvote på makrell i færøysk farvatn blir også redusert frå 5 150 tonn til 2 678 tonn. Denne kvoten kan fiskast både i færøysk farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.
Kvoten på lange og blålange blir redusert med 400 tonn til 2 100 tonn, medan kvoten på brosme aukar med 400 tonn til 1 800 tonn. Noregs kvote på 600 tonn av andre artar som bifangst blir vidareført.
Færøyane si kvote på torsk i norske farvatn blir redusert frå 3 910 tonn til 3 034 tonn, medan hysekvoten blir auka til 1 172 tonn, seikvoten blir redusert til 425 tonn, og bifangstkvoten på 400 tonn for andre artar blir vidareført.