Ny støtteprosesslov trer i kraft 1. januar 2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Det vart i dag vedteken i statsråd at støtteprosesslova trer i kraft 1. januar 2023. Støtteprosesslova erstattar gjeldande lov om offentleg støtte frå 1992.

Det vart i dag vedteken i statsråd at støtteprosesslova trer i kraft 1. januar 2023. Støtteprosesslova erstattar gjeldande lov om offentleg støtte frå 1992.

Støtteprosesslova regulerer dei nasjonale prosedyrane i saker om offentleg støtte til næringslivet, mellom anna korleis støttegivar skal gå fram for å tildele offentleg støtte, og korleis ulovleg støtte krevst tilbake. Reglane skal sikre at saker om offentleg støtte blir behandla på ein effektiv og einskapleg måte, og i tråd med reglane i EØS-avtalen.

Den nye lova inneber ei klargjering av prosedyrane på fleire viktige punkt, ikkje minst ved tilbakeføring av ulovleg støtte. Støtteprosesslova inneheld også føresegner som skal sikre at Noreg oppfyller forpliktingane sine etter OECD-avtalen om normale konkurranseforhold i skipsbyggingsindustrien og WTO-avtalen om subsidiar og utjamningsavgifter.

Støtteprosesslova vart vedteken av Stortinget 15. februar 2022, men har ikkje tredd i kraft, på grunn av mellom anna manglande forskriftsheimel til å vidareføre EØS-prosedyrereglane for offentleg støtte som i dag er regulert i forskrift om EØS-prosedyrereglar for offentleg støtte. For å mogleggjere ei vidareføring av desse reglane vart eit forslag til ein ny forskriftsheimel i støtteprosesslova lagt fram for Stortinget i haust og vedteke 6. desember i år.