Regjeringa har stramma inn reglane for innleige fordi trygge og gode arbeidsforhold best blir sikra gjennom faste og direkte tilsetjingar. Det ligg fast.

– Samstundes har det vore brei semje i landbruket, også blant partane i arbeidslivet, om at dei særskilde forholda i næringa tilseier noko andre innleigereglar enn i resten av arbeidslivet. Dette er ikkje minst viktig for avløysarane, som gjennom tilsetjing i avløysarlaga har større høve til heile, faste stillingar enn dei ville fått hos den einskilde bonden, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Dei nye reglane sikrar vidareføring av unntaket, slik at jordbruksføretaka framleis får nødvendig hjelp og avløysing ved behov, til dømes i samband med sjukdom, ferie og fritid. Reglane støttar òg opp under velferdsordningane i landbruket, som inneber at jordbruksføretak kan søkje om tilskot for å dekkje delar av kostnadene til avløysing.

– Landbruk i heile landet er avgjerande for tryggleiken til folk og matsikkerheita vår. Det er bra med eit regelverk som er tilpassa næringa og som sikrar gode og trygge forhold for arbeidstakarane, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

Oppdatert rettleiar

For å gjere det enklare å forstå og følgje dei nye reglane, har departementet utarbeidd ein rettleiar. Det er teke inn eit nytt kapittel i den generelle rettleiaren om innleigereglane, som forklarer reglane i den nye forskrifta om innleige av avløysar frå avløysarlag. Rettleiaren er særleg retta mot jordbruksføretak, avløysarlag, tilsynsmyndigheiter og eventuelt andre som må forhalde seg til regelverket.

Rettleiaren forklarer mellom anna sentrale omgrep og definisjonar, til dømes kven forskrifta gjeld for. Han forklarer òg vilkåra for innleige, og kva andre reglar som gjeld ved innleige i jordbruket.

I arbeidet med rettleiaren har departementet hatt tett dialog med partane i arbeidslivet og landbruksorganisasjonane.

Sjå den nye rettleiaren her: Rettleiar: Innleie av arbeidskraft (PDF)