Regjeringa har mål om å tillate igangsetjing av 130 000 nye bustader innan 2030. I statsbudsjettet legg regjeringa fram fleire grep som skal kutte tidsbruken og gjere det enklare å bygge.

Vurdere byggekrava

Byggteknisk forskrift (TEK) set minstekrav til nye bygg. Det gjeld alt frå konstruksjon og planløysing til uteareal, inneklima og tryggleik. Utbyggjarar har lenge kritisert reglane for å vere for strenge og kompliserte, og for å drive opp byggekostnadene.

­– Vi skal gå gjennom krava og både sjå på kva som bør vere nasjonale minstekrav og kor strenge dei treng å vere. Forskrifta skal òg bli tilrettelagd for meir digital bruk og automatisk sjekk av reglar, seier kommunal og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.

Få ned tiden på plan- og byggesaksprosessen

Regjeringa vil auke løyvinga til Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) med 30 millionar kroner for å sette enda meir fart og kraft i forenklingsarbeidet. Pengane går til å digitalisere og automatisere plan- og byggesaksprosessane. Løyvinga kjem på toppen av ein auke på 30 millionar kroner det siste året.

– Tilbakemeldinga frå byggenæringa og kommunane er at automatisering og standardisering er avgjerande for raskare plan- og byggesaksprosessar. seier Skjæran.

I 2026 foreslår regjeringa midlar til Forskningsrådet for å kartlegge produktivitetsutviklinga i næringa, og utarbeide eit grunnlag for vidare innretning på arbeidet.

– Produktivitetsutviklinga i byggenæringa har vore svak, og skal vi få til raskare og meir effektive byggeprosessar, sit næringa sjølv òg på viktige svar, seier Skjæran.

Bygge med kvalitet

Regjeringa foreslår ni millionar kroner til at Husbanken bidrar enda meir til lokal bustadutvikling i nord gjennom tettare oppfølging og auka nærvær overfor kommunane.

Regjeringa vil òg styrke FutureBuilt med fem millionar kroner til arbeid med klimavennlege og kostnadseffektive førebiletprosjekt i byggsektoren. Prosjekta skal stimulere til innovasjon,  kunnskapsoverføring. Innovasjonsprogrammet har sidan 2010 vist at det er mogleg å utvikle berekraftige og attraktive nullutsleppsbyar.

Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til stiftelsen Design- og arkitektur i Norge (DOGA) over KDDs budsjett til arbeid med å følgje opp regjeringas nye arkitekturstrategi.

– Like viktig som å bygge mange nye bustader, er at det vi bygger blir gode heimar som står seg over lang tid. Dette vil  skape levande, attraktive lokalsamfunn for folk som skal bu der, seier Skjæran.