Bransjeprogrammet skal vere ein samarbeidsarena med særleg fokus på å fremje eit godt arbeidsmiljø og bekjempe sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i jordbruks- og gartnerinæringa. Ei sentral utfordring gjeld arbeidsforhold og innkvartering for sesongarbeidarar. Deltakarane i bransjeprogrammet gjennomførte nyleg eit oppstartmøte med statssekretærane i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.  

– Norske bønder som er arbeidsgjevar for sesongarbeidskraft må sørge for gode arbeidstilhøve for sine tilsette, slik at næringa kan oppretthalde den høge tilliten den har hos forbrukarane og i samfunnet for øvrig, seier statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg i Landbruks- og matdepartementet.

Innsatsen innan jordbruks- og gartnerinæringa er ei oppfølging av handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Bransjeprogrammet hadde oppstart desember 2025.

– Trygge arbeidsforhold og trygg matproduksjon er sentrale mål for regjeringa. Vi ønsker også å støtte opp om tiltak for trepartssamarbeid og styrka organisering i næringa, seier statssekretær Line Eldring i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Treparts bransjeprogram for jordbruk og gartneri blir leia av Arbeidstilsynet. Følgjande organisasjonar deltar: Fellesforbundet, NHO Mat og Drikke, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Gartnerforbund, Norske Landbrukstenester, Norsk Landbruksrådgivning og Stiftelsen Norsk Mat. Det vil vere aktuelt å innleie samarbeid med fleire aktørar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet følgjer arbeidet som observatørar. Frå før er det tilsvarande bransjeprogram i reinhald, uteliv, transport og bilbransjen.

Statssekretær Line Eldring i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg i Landbruks- og matdepartementet. Her saman med medlemmar frå følgjande organisasjonar: Fellesforbundet, NHO Mat og Drikke, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Gartnerforbund, Norske Landbrukstenester, Norsk Landbruksrådgivning og Stiftelsen Norsk Mat.
Framme fv. Statssekretær Line Eldring i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg i Landbruks- og matdepartementet. Her saman med medlemmar frå partane i arbeidslivet og aktørane i jordbruks- og gartnerinæringa: Fellesforbundet, NHO Mat og Drikke, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Gartnerforbund, Norske Landbrukstenester, Norsk Landbruksrådgivning og Stiftelsen Norsk Mat. Foto: Simen Gald / Arbeids- og inkluderingsdepartementet