Plan for auka rekruttering til landbruket
Nyheit | Dato: 29.01.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Sidan hausten 2021 har Ap-Sp-regjeringa prioritert å auka rekrutteringa til jordbruket. Landbruks- og matminister Geir Pollestad har lagt fram ein tipunktsplan på kva som skal til for å bidra til at fleire skal velja ei framtid i jordbruket.
– Løpande matproduksjon er den beste forma for matberedskap. Då treng me òg løpande rekruttering til næringa. Me skal sørgja for at det finst rammevilkår, men me må òg oppmoda ungdommen til å satsa. Skal me nå målet om auka sjølvforsyning, treng me ungdom som satsar på næringa, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.
Regjeringa har eit mål om å auka norsk jordbruksproduksjon, slik at Noreg kan bli 50 prosent sjølvforsynt fram mot 2030.
– Lista inneheld ei overordna framstilling av det som skal til for å rekruttera fleire til viktigaste yrket i verda. Mellom anna inntekt, velferdsordningar, investeringsordningar og behov for fagmiljø, seier Pollestad.
Slik lyder planen for auka rekruttering til landbruket:
- Økonomi og inntekt – Det er ein grunnleggjande føresetnad for god rekruttering til næringa, at det er god økonomi i botn. Det skal løna seg å produsera mat og driva med god agronomi. Gjennom opptrappingsplanen til regjeringa, sørgjer regjeringa for at bonden har økonomi til å leva eit liv som andre, i tillegg til at ein kan reinvestera i driftsapparatet til garden.
- Utdanning – Eit godt utdanningstilbod på vidaregåande og universitetsnivå er viktig for at ungdom skal få tileigna seg kunnskap som er naudsynt for å kunna gå inn i landbruket. Regjeringa ynskjer å utdanna fleire som kan ta på seg det viktigaste yrket i verda. Auka utdanning innanfor landbruket krev tilgjengelege studieplassar på vidaregåande nivå, eit godt vaksenagronom-tilbod og attraktive studieplassar på høgskule- og universitetsnivå.
- Velferdsordningar – Regjeringa prioriterer å styrkja dei sosiale vilkåra til bonden gjennom tilskot til avløysing ved sjukdom, svangerskap og førsel med meir. Samstundes er det viktig at det finst kompetente avløysarar tilgjengelege, som kan trå til ved behov, over heile landet. Det krev ei god landbruksvikarordning. Unge bønder i etableringsfasen må oppleva at velferdsnettet deira er sterkt og dekker behova deira. Bonden skal ha moglegheit til å leva eit sosialt liv. Avløysartilskotet skal gje moglegheit til å prioritera barn, familie og vener. Det skal både vera moglegheit til å reisa på ferie og følgja barn på fotballtrening, som andre i samfunnet
- Fagmiljø og møteplassar – Bonden skal ha tilgang på eit engasjerande og sosialt fagmiljø med kollegaer som både kan vera vener og diskusjonspartnarar. Alle yrkesutøvarar har behov for å utvikla seg i eit sosialt nettverk. Bonden, som ofte kan bli gåande aleine, må også få moglegheit til det. Fag- og produsentorganisasjonane er viktige faglege og sosiale nettverk for bonden.
- Investeringar – Landbruket er ei næring som krev føreseielegheit, og som krev store investeringar av dei som ynskjer å satsa. Ungdom som ynskjer å satsa på eit liv i landbruket investerer ofte for dei neste 20-30 åra. Regjeringa vil leggja til rette for at fleire kan investera i nytt driftsapparat gjennom investeringsstøtte over jordbruksavtalen. Dei neste åra kjem mange til å byggja nye fjøs. Det er viktig for landbruket og for bygdene. regjeringa ynskjer samstundes at det blir lettare å ta i bruk ny teknologi i landbruket.
- Status for yrket – Bonden har verdas viktigaste jobb med å produsera trygg mat til befolkninga i landet. I ei tid med meir global usikkerheit er dette særleg viktig. Som matprodusent må ein ha ein brei kompetanse innanfor ulike fagfelt, samstundes som teknologiutviklinga gir mange spennande moglegheiter. Saman med næringa må meheva statusen for yrket, få fram den givande, og utfordrande kvardagen for å gjera næringa meir attraktiv for ungdom.
- Tilleggsnæringar – Garden er ein ressursrik arbeidsplass med store moglegheiter til å driva næringsverksemd knytt til landbruket. Det kan vera produksjon av lokalmat, ulike «Inn på tunet»-tilbod, entreprenørverksemd, eller annan næringsaktivitet. Gjennom å gjera det lettare å utvikla tilleggsnæringar, vil det også vera lettare å skapa arbeid for fleire på garden. Det vil komma heile bygda til gode. Me treng eit breitt spekter av bønder som både driv tradisjonelt landbruk, og som utviklar annan næringsverksemd innanfor garden sine ressursar.
- Ikkje fødd bonde – bli bonde – Alle – uavhengig om dei er fødde med odel, eller i ei byleilegheit, skal ha moglegheit til å bli bonde viss dei har ein draum om å bli matprodusent. Det må bli lettare å komma inn på marknaden for landbrukseigedom, og utdanningsmoglegheiter må vera tilgjengelege for ungdom utanfor landbruket. Kommunar har eit viktig ansvar i oppfølging av konsesjonsregelverket og bu- og driveplikta for å sikra at landbruksjord blir brukt til landbruk.
- Levande lokalsamfunn – Bonden er ein viktig del av lokalsamfunnet, som både bidreg med viktige tenester til samfunnet, og som er ein viktig kunde for anna næringsliv. For at bonden skal trivast i sitt lokalsamfunn, må det finnast barnehagar, skular og andre viktige tenester. Det sosiale livet i bygda må og gi deg lyst til å bli buande. Levande lokalsamfunn er både ein føresetnad, men òg ein konsekvens av levande landbruk i heile landet.
- Føreseielegheit for framtida – Gjennom landbrukspolitikken sin ynskjer regjeringa å skapa den føreseielegheita som trengst for at ungdom vel å bli bonde. Landbrukspolitikken svingar med skiftande politisk fleirtal. For denne regjeringa vil det vera grunnleggjande å føra ein politikk som skaper føreseielegheit for neste generasjon. Marknadsordningar skal sørgja for at bonden får omsett varene sine. Eit vidare sterkt tollvern skal beskytta landbruket mot billegare importvarer. Velferdsordningar skal sørgja for sosiale vilkår, og det skal vera ei stabil god inntekt som gir grunnlag for vidare investering og satsing på landbruk.