Presseinvitasjon: Fiskeri- og havministeren til London
Nyhet | Dato: 23.02.2026 | Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss er i London tysdag 24. februar og onsdag 25. februar. Ho skal dele ut pris når britane feirar nasjonalretten sin under National Fish & Chip Awards. Næss skal også ha politiske samtalar om fiskeri og sjøfart med britiske ministrar, og møte norske og britiske sjømatbedrifter.
– Storbritannia er eit av dei viktigaste marknadene for sjømatnæringa vår. Kvar fjerde britiske porsjon med fish and chips er laga av norsk torsk eller hyse. Storbritannia er dessutan ein svært viktig marknad for den maritime næringa. Eg er oppteken av å vere til stades og fremje havnæringane våre på arenaer som er viktige for Noreg, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Etter Brexit har Storbritannia stramma inn visumreglane for utanlandske sjøfolk som arbeider innanfor 12 nautiske mil. Endringane har fått konsekvensar for norske sjøfolk og reiarlag som opererer i britisk farvatn. Fiskeri- og havministeren vil ta opp temaet i møta i London.
– Både Noreg og Storbritannia har interesse av gode og føreseielege rammevilkår for maritim aktivitet. Når eg tek dette opp med dei britiske kollegaene mine, handlar det om å følgje opp norske interesser gjennom tett og konstruktiv dialog, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Program tysdag 24. februar
13:30-17:00 Norway UK Seafood Summit
14:35 Bli-kjent-møte med stjernekokken Michel Roux jr.
17:00 Mottaking i regi av Noregs Sjømatråd
Program onsdag 25. februar
10:00 Møte med Dame Angela Eagle, statsråd i DEFRA, med ansvar for fiskeri og sjømat
12:00 Møte med Keir Mather, statssekretær i Department of Transport, med ansvar for sjøfart
13:00-16-00 National Fish and Chip Awards
Med atterhald om endringar
Kontakt:
Presse som ønskjer å dekkje programmet til fiskeri- og havministeren i London, kan kontakte fungerande kommunikasjonssjef Emil Bremnes på e-post ebr@nfd.dep.no eller telefon +47 478 81 719.