Pressekonferanse om raskare utbygging av kraft og straumnett
Pressemelding | Dato: 06.08.2026 | Statsministerens kontor, Energidepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland inviterer til pressekonferanse der dei vil presentere fleire tiltak for raskare utbygging av kraft og straumnett.
Etterspørselen etter kraft og nett har auka kraftig dei siste åra, men utbyggingstempoet har ikkje halde tritt med utviklinga. Derfor er det behov for å forenkle regelverk og kutte byråkrati.
Pressekonferanse om raskare utbygging av kraft og straumnett
Sjå sendinga her
Tid: Fredag 7. august kl. 13.00.
Stad: Statsministerens presserom i D-blokka i regjeringskvartalet: Einar Gerhardsensplass 2. Oppmøte seinast kl. 12.30. Ta med pressekort og gyldig id.
Påmelding: Journalistar som ønskjer å melde seg på pressekonferansen kan gjere dette i skjemaet nedst på sida innan fredag 7. august kl. 10.00.
Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til smkinfo@smk.dep.no med teksten «Kraft og nett» i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilansoppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla på pressekonferansen.
Pressekonferansen blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DIO distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DIO kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dio-lydogbilde@dio.dep.no.
Presse og andre aktørar som ønskjer å bygge nett-tv-sendingane inn på nettsidene sine finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.
Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@ed.dep.no.