Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og utvalgsleiar Ingrid Hjort.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og utvalsleiar Ingrid Hjort. Foto: Martine Røiseland/Klima- og miljødepartementet

– Klimaendringane råkar Noreg i stadig aukande omfang, med meir nedbør, flaum og stigande havnivå. Rapporten dannar eit viktig grunnlag for regjeringa sin vidare innsats med klimatilpassing. No ønsker vi å høyre frå fleire røyster. Difor ser vi fram til å få innspel frå alle som ønsker bidra, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Klimatilpassing er eit felles ansvar

Ekspertutvalet om klimatilpassing vart oppnemnt av regjeringa i juli 2024 og leverte sin rapport 18. juni i år. Utvalet hadde i oppdrag å skaffe kunnskap om dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av klimaendringane i Noreg og om korleis ein kan tilpasse samfunnet til eit klima i endring.

I rapporten peiker utvalet på at klimatilpassing er eit felles ansvar og at følgene av klimaendringane vil avhenge av korleis vi som samfunn responderer på dei. Utvalet vart leia av Ingrid Hjort, postdoktor ved BI.

Slik sender du inn høyringssvar

Du kan sende inn høyringssvar ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringa.no. Ved tekniske problem kan du sende innspelet ditt på e-post til postmottak@kld.dep.no. Om du sender innspelet på e-post, skriv «26/3744» i emnefeltet.

Fristen for å sende innspel er 10. november 2026.