– Vi held fram satsinga på frivilligsentralane. Dei bidreg til gode lokalsamfunn og møteplassar for aktivitet og frivillig innsats. Vi vil ha gode vilkår for dei over 500 sentralane vi har, og legg i tillegg til rette for enda fleire nye frivilligsentralar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. 

Regjeringa har allereie prioritert frivilligsentralane ved å få på plass ei øyremerka ordning på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett, og ordninga har blitt styrka i kvart einaste budsjett dei seinare åra. Med den nye tilskotsordninga som vart brukt for første gong i 2023, har 11 nye kommunar fått øyremerka tilskot til frivilligsentralar. 328 av landets 356 kommunar har no frivilligsentralar.

– Frivillig innsats skaper gode lokalsamfunn. Frivilligsentralane bidreg til deltaking, aktivitet og fellesskap i nesten alle kommunane i landet vårt. Dei og er eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Frivilligsentralane over heile landet er forskjellige og har eit mangfald av aktivitetar som dans, spel, musikk, nabolagskafear, ombruk, språkkafear, matombering og mykje meir.