Statsbudsjettet 2027
Regjeringa held fram styrkinga av den sirkulære økonomien
Nyheit | Dato: 07.10.2026 | Klima- og miljødepartementet
Arbeidarparti-regjeringa lanserer ei pilotstøtteordning for reparasjon av kvitevarer. I tillegg vidarefører regjeringa Sirkulærsats, som gjer at kommunar og fylkeskommunar kan leige og dele i staden for å eige datamaskiner, møblar og bilar.
– I dag kan det koste så mykje å reparere store kvitevarer som vaskemaskiner og kjøleskap, at folk heller vel å kjøpe nytt. Vi vil gjere det enklare og billegare å reparere, slik at fleire kan bruke tinga sine lenger. Difor lanserer vi no eit pilotprosjekt for å teste om støtte til reparasjon gjer at fleire vil reparere kvitevarene sine, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Ei av klima- og miljøministeren sine prioriteringar i denne regjeringsperioden er å gjere det enklare og billegare for folk å reparere og ombruke varer dei allereie har.
Regjeringa foreslår å bruke 35 millionar kroner til forsøksordninga i 2027. Løysinga er valt på bakgrunn av tilrådingar frå ekspertgruppa for sirkulære verkemiddel.
For at fleire skal velje reparasjon framfor å kjøpe nytt, må det både vere økonomisk lønsamt, men også enklare å finne fram til. Difor vil det også vere virkig å sikre at tilbodet blir gjort kjent og tilgjengeleg for flest mogleg.
Sirkulærsats held fram
Sirkulærsats er ei ordning der Miljødirektoratet lyser ut midlar til kommunar og fylkeskommunar som ynskjer å teste ut tenester med leige, abonnement eller deling som alternativ til å eige materiell og utstyr. Regjeringa føreslår å halde fram med denne ordninga, og vil setje av 15 millionar kroner til føremålet.
– Vi må bli flinkare på å bruke og dele på det vi allereie har. Når det offentlege legg til rette for meir utleige og deling, kan vi både bruke ressursane betre og bidra til å kutte utslepp, seier klima- og miljøministeren.
Begge støtteordningane skal òg bidra til å nå måla i samfunnsoppdraget for sirkulær økonomi om betydeleg auke i ombruk, reparasjonar og deling av ressursar. Arbeidet er del av regjeringas oppfølging av tilrådingane frå ekspertgruppa for sirkulære verkemiddel. Desse er nærare omtalt i budsjettdokumenta og i Grøn bok.