Statsbudsjettet 2026:
Regjeringa styrkar Arbeidstilsynet og Fair Play Bygg
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Det norske arbeidslivet blir utfordra av useriøse aktørar, sosial dumping og låg organisasjonsgrad i utsette bransjar. Difor styrkar regjeringa innsatsen til Arbeidstilsynet og Fair Play Bygg med 10 og 2 millionar kroner i statsbudsjettet for neste år.
– I Noreg skal det vere trygt å gå på jobb. Og det skal vere nulltoleranse for sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet skal vere synleg og føre tilsyn med bransjane eller verksemdene der det er styrst risiko for lovbrot. Regjeringa styrkar difor innsatsen med meir kontroll og målretta tilsyn for å kjempe mot useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Det seriøse arbeidslivet blir utfordra av aktørar som utnyttar nye delar av arbeidslivet til ulovlige føremål. Rapportar frå Økokrim, Arbeidstilsynet og andre myndigheiter viser at dei kriminelle aktørane i arbeidslivet blir meir profesjonelle og infiltrerer det seriøse næringslivet.
– Vi treng kraftige tiltak i delar av arbeidslivet for å hindre at arbeidstakarar blir utnytta. Saman med sterke fagforeiningar og ved hjelp av eit godt trepartssamarbeid vil regjeringa jobbe for at alle arbeidstakarar skal ha det trygt på arbeidsplassen, seier Stenseng.
Regjeringa vil mellom anna styrke det organiserte arbeidslivet, og rettane til dei som jobbar gjennom digitale plattformar. Styrkinga på ti millionar kroner vil gjere det mogeleg for Arbeidstilsynet å gjennomføre fleire tilsyn og vere tydeleg til stades i arbeidslivet, med spesiell merksemd på utviklinga innan digitale plattformar.
Regjeringa Støre har totalt styrka Arbeidstilsynet med nær 100 millionar kroner sidan 2021. Det har gitt tilsynet større musklar og fleire verkemidlar i kampen mot useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
6 millionar kroner til Fair Play Bygg
Fair Play Bygg Norge er ein ideell organisasjon der partane i arbeidslivet er representert i styret. Organisasjonen har gjennom fleire år bidratt med informasjon til myndigheitene om useriøse aktørar og rettleiing til utsette grupper.
– Ved å auke støtta til Fair Play Bygg Norge vidarefører vi partane sitt arbeid med informasjon og rettleiing til utsette arbeidsgivarar og arbeidstakarar og tips til myndigheitene om useriøse aktørar. Vi aukar difor tilskotet til Fair Play Bygg Norge med to millionar samenlikna med 2025, slik at det blir på totalt seks millionar i 2026, seier Stenseng.