Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa styrkjer innsatsen mot useriøse arbeidsforhold og arbeidslivskriminalitet

Regjeringa foreslår ei arbeidslivspakke på 25 millionar kroner for å møte utfordringane i arbeidslivet knytta til useriøse arbeidsforhold og arbeidslivskriminalitet, varsling og sikkerheit på norsk sokkel.

– Sjølv om arbeidslivet i hovudsak er prega av gode og ryddige forhold, er det framleis utfordringar i enkelte næringar og verksemder. Det er eit behov for å styrkje innsatsen mot useriøse arbeidsforhold og arbeidslivskriminalitet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Dei konkrete tiltaka regjeringa foreslår er:

6 millionar kroner til Arbeidstilsynet for å følgje opp utsette næringar og verksemder gjennom kontroll og handheving av regelverket. Styrkinga vil bidra til at Arbeidstilsynet er ein synleg aktør som oppdagar og førebyggjer lovbrot.

6 millionar kroner til Petroleumstilsynet for å følgje opp sikkerheita på sokkelen. Petroleumstilsynets oppfølging skal vere sterk og tydeleg når verksemdene ikkje følgjer opp regelverket. Når det er naudsynt skal dei bruke heile bredda av sine verkemiddel.

8 millionar kroner til auka internasjonalt samarbeid for å motverke useriøse arbeidsforhold. Utfordringar knytt til eit trygt og seriøst arbeidsliv strekkjer seg ut over landegrensene, og regjeringa styrkjer innsatsen mot grensekryssande arbeidskriminalitet.

2 millionar kroner til Arbeidstilsynets oppfølging av grensekryssande arbeidslivskriminalitet og internasjonalt samarbeid.

3 millionar kroner knytt til ei nemndsløysning for saker om gjengjeld etter varsling. Enkeltpersonar som opplever kritikkverdige forhold på arbeidsplassen skal kunne tore, og føle tryggleik for, å varsle om dette. Ei nemndsløysning vil vere med på å senke terskelen for å få behandla saker om gjengjeld på grunn av varsling.

– Desse tiltaka vil vere med og betre forholda for utsette arbeidstakarar og seriøse verksemder, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Til toppen