Regjeringa vil gi fleire moglegheita til å kjøpe eigen bustad

– I dag foreslår vi lovendringar som gjer det mogleg for fleire å bli bustadeigarar gjennom leige til eige og andre bustadkjøpsmodellar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Ei rekke aktørar over heile landet tilbyr i dag bustader der forbrukaren i starten leiger eller eig ein del av bustaden. Om ønskeleg kan forbrukaren etter kvart bli eigar av heile bustaden. Leige til eige og deleige er døme på dette. Slike tilbod har fått samlenemninga bustadkjøpsmodellar.

Bustadlovene må tilpassast dagens bustadkjøpsmodellar

– Fleire av aktørane har peika på at reglane i burettslagslova og eigarseksjonslova ikkje er tilpassa dagens modellar, og er til hinder for at fleire kan få slike bustadtilbod. Kommunal- og distriktsdepartementet sender i dag ut eit høyringsnotat der vi foreslår lovendringar som vil legge betre til rette for både leige-til-eige- og deleige-modellar, seier Gjelsvik.

Bustadlovene set i dag relativt strenge grenser på kor mange bustader ein juridisk person kan eige i eitt og same bustadselskap. Det set i praksis grenser for kor mange bustader som kan bli tilbode med ein bustadkjøpsmodell.

I eit burettslag kan til dømes eit bustadbyggelag maksimalt eige 20 prosent av bustadene, og i eit eigarseksjonssameige kan ingen kjøpe ein bustad dersom det fører til at ein blir eigar av fleire enn to bustader i det same eigarseksjonssameiget.

Departementet foreslår å auke desse andelane, slik at juridiske personar kan eige og tilby 30 prosent av bustadene med leige til eige-avtalar både i burettslag og eigeseksjonssameige. For deleige-modellar foreslår vi at grensa blir sett til 50 prosent.

– Når vi set ei høgare grense for deleige-modellar er det fordi forbrukaren eig ein del av bustaden frå første stund, og dermed står i ein sterkare rettsleg posisjon enn om vedkommande berre er leigetakar, seier Gjelsvik.

Vil styrke forbrukarvernet

Regjeringa er òg oppteken av å ta vare på forbrukarperspektivet. Samanlikna med vanlege bustadkjøp er bustadkjøpsmodellar meir kompliserte, både for kjøpar og seljar. Det kan gjere prosessane meir uklare, og gjere det vanskeleg for ein forbrukar å forstå alle detaljane ved avtalane.

I høyringsnotatet foreslår vi derfor òg endringar som vil styrke forbrukarvernet rundt bustadkjøpsmodellar.

– I arbeidet har vi hatt mange gode diskusjonar med ei referansegruppe med representantar frå både kommunane, forbrukarsida, bustadbyggelag og andre utbyggarar. Eg håpar på en god dialog med fleire aktørar i det vidare arbeidet og ser fram til å få verdifulle høyringsinnspel til våre forslag, avsluttar Gjelsvik.

Les heile høyringsnotatet her: Høring - Forslag til endringer i borettslagsloven og eierseksjonsloven for å legge bedre til rette for boligkjøpsmodeller