Statsbudsjettet 2024

Regjeringa vil løyve 15 millionar til berekraftig fôr

Regjeringa foreslår at Mattilsynet blir styrkt med til saman 15 millionar kroner over tre år for å drive eit målretta arbeid med eit framtidsretta regelverk for berekraftig fôr.

- Regjeringa har som mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder. Derfor bestemte vi at eitt av våre målretta samfunnsoppdrag skulle handle om nettopp det. Då må vi også sørgje for at vi har eit regelverk som ikkje legg unødvendige hindringar i vegen. No følgjer vi opp dette i statsbudsjettet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Mattryggleiken er under press som følgje av folkeauke, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningsliner. Tilgang på trygt og sunt fôr med låge klimagassutslepp er ein føresetnad for berekraftig matproduksjon. Regjeringa har derfor lansert eit målretta samfunnsoppdrag for berekraftig fôr som samlar næringsaktørar, avgjerdstakarar og forskingsmiljø i eit blågrønt utviklingsarbeid.

- Auka bruk av lokale og meir berekraftige fôrråvarer til fiskefôr og kraftfôr til husdyr vil vere viktig for å redusere presset på klima og miljø, og for ei grøn omstilling i norsk matproduksjon, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Dei globale matsystema står for over ein tredjedel av dagens klimagassutslepp

Fôr til fisk står for over 70 prosent av klimagassutsleppa i havbruksnæringa, knytt til produksjon, foredling og transport. Samtidig blir over 90 prosent av fôrråvarene importerte. Når det gjeld fôr til husdyr, speler gras og beite ei viktig rolle. Samtidig er 40 prosent av kraftfôret importert.

Styrkinga av Mattilsynet inneber at det er sett av 5 millionar kroner over tre år frå 2023 til 2025. Midlane skal brukast til å adressere dei viktigaste utfordringane og sørgje for eit mat- og fôrregelverk som er betre tilpassa produksjon av nye fôrvarer. Ei sentral utfordring er at regelverket reduserer høvet for å utnytte ressursane sirkulært. Ved produksjon av insektsmjøl kan ein for eksempel ikkje fôre insekt med slam frå oppdrettsanlegg. For at reglane skal kunne endrast må ein kunne dokumentere at det er trygt å bruke ressursane.

Kva er eit målretta samfunnsoppdrag?

Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gitt tidsfrist. Noreg deltek allereie i EU sine samfunnsoppdrag, og regjeringa har lansert to nasjonale samfunnsoppdrag på prioriterte område

- berekraftig fôr

- inkludere fleire barn og unge i utdanning

Samfunnsoppdraget for berekraftig fôr inneber eit samarbeid mellom Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kunnskapsdepartementet.