Statsbudsjettet 2024

Regjeringa vil invitere Nedre Glomma til forhandlingar om byvekstavtale og prioriterer 174 millionar kroner til tiltak for kollektivtransport, sykkel og gange.

– Regjeringa vil bidra ytterlegare til ei kraftfull og langsiktig satsing på klima- og miljøvenleg transport, og leggje til rette for at Nedre Glomma når nullvekstmålet for personbiltransport. Difor vil byområdet bli invitert til forhandlingar om ein byvekstavtale. Regjeringa vil prioritere om lag 174 millionar kroner i 2024 til tiltak for kollektivtransport, sykkel og gonge i Nedre Glomma, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I vår vedtok Stortinget ein ny bompengefinansiert bypakke for Nedre Glomma. Denne skal bidra til å nå nullvekstmålet for persontransport med bil. Bypakka er ein viktig føresetnad for å kunne starte forhandlingar om ein byvekstavtale. Ei bypakke er eit viktig grunnlag for ein byvekstavtale, og vil bli ein del av avtalen.

– Nedre Glomma har i dag ein belønningsordning med staten som går ut i 2023. Av dei 174 millionar kronene som er prioritert til Nedre Glomma i 2024, er om lag 87 millionar kroner i belønningsmidlar og tilskot til reduserte billettprisar på kollektivtransport. Dette svarar til ei vidareføring av nivået i dagens belønningsordning. Midlane blir innlemma i byvekstavtalen, dersom det blir inngått ein slik avtale.

Friske midlar til byvekstavtale 2024

Vidare har regjeringa prioritert om lag 87 millionar kroner i friske midlar til forhandlingar om byvekstavtaler for 2024. Utbetaling føreset at forhandlingane fører fram, og at det blir inngått ein slik avtale.

– Ein byvekstavtale skal gi eit løft, og ei klar retning for areal- og transportpolitikken i byområdet. Formålet er å betre samordninga mellom staten, fylkeskommunen og kommunen, som har ansvaret for dei ulike tiltaka og verkemidla i byområda som skal til for å nå målet om nullvekst i personbiltrafikken, seier samferdselsministeren.

Dersom det ikkje blir inngått byvekstavtale, er det mogleg å inngå ein ny belønningsordning, gitt at byområdet kan gjere greie for at midlane vil bidra til å nå nullvekstmålet.