Regulering av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak for 2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett reguleringane av fiske etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak for 2023. Den disponible kvoten for norske fartøy er sett til 3 299 tonn i Nordsjøen og 100 tonn i Skagerrak.

- Kvoten er betydeleg auka samanlikna med dei to siste åra og vi har derfor kunna auke maksimalkvotane for fartøy i lukka gruppe med 60 prosent. Dette gir ei kjærkomen moglegheit for auka lønnsemd for desse fartøya, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Også fartøy i open gruppe får ein auka maksimalkvote frå årets start. Andre fartøygrupper blir regulerte med bifangstbestemmelser. Her er tillaten bifangst sett noko høgare for enkelte grupper.

Totalkvoten er framleis, historisk sett, på eit lågt nivå. Det er derfor vedteke eit reguleringsopplegg frå årets start som reduserer sjansane for at kvoten blir oppfiska før reguleringsårets slutt. På bakgrunn av fisketakten vil det i juni 2023 vurderast om det er rom for å auke maksimalkvotane/tillaten bifangst.

Noreg, EU og Storbritannia blei i kvoteavtalen for 2022 einige om å vidareføre tiltaket om sesongstengde område i Noregs økonomiske sone (NØS), britisk sone og i EU-sona for å beskytte kjende gyteområde for torsk. 

- Sjølv om vi har auka kvotane i tråd med råd frå det internasjonale havforskingsrådet (ICES), er det framleis behov for å stengje gyteområde for å sikre ei god gjenoppbygging av torskebestanden, seier fiskeri- og havminister Skjæran.

Reguleringane for 2023

Det er fastsette maksimalkvotar i Nordsjøen for fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskapar. Fartøy har høve til å delta i lukka gruppe og fartøy som er under 15 meter kan fiske 8 tonn, fartøy mellom 15-21 meter kan fiske 16 tonn, og fartøy over 21 meter kan fiske 32 tonn.

Fartøy i open gruppe kan fiske og lande 4 tonn torsk ved årets start.

Det blir ikkje opna for eit direktefiske utanfor grunnlinjene i Skagerrak, men den etablerte unntaksordninga for fartøy som har oppfylt vilkåra for dispensasjon frå fiskeforbodet i Skagerrak og ordninga frå 2015 om at fartøy med størst lengde under 11 meter kan fiske direkte etter torsk med juksa i perioden 1. april til 30. juni blir vidareført.

Det er fastsette følgjande reguleringar av bifangst i Nordsjøen:

  • Tillaten bifangst for fartøy som fiskar med andre konvensjonelle reiskap enn snurrevad blir fastsett til 15 prosent.
  • Tillaten bifangst for fartøy som fiskar med snurrevad blir fastsett til 10 prosent.
  • Tillaten bifangst for fartøy som fiskar med stormasket trål blir fastsett til 5 prosent.
  • Tillaten bifangst for fartøy med nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve blir fastsett til 10 prosent.
  • Tillaten bifangs for fartøy som fiskar med reketrål blir fastsett til 5 prosent.
  • Tillaten bifangst for fartøy som fiskar med småmaska trål, unntatt reketrål, blir fastsett til 0,5 prosent.

Det er fastsett følgjande reguleringar av bifangst i Skagerrak:

  • Tillaten bifangst for fartøy som fiskar med andre konvensjonelle reiskap enn snurrevad blir fastsett til 10 prosent
  • Tillaten bifangst av torsk i snurrevad blir fastsett til 2,5 prosent
  • Tillaten bifangst i stormasket trål blir fastsett til 2,5 prosent
  • Tillaten bifangst for reketrål blir fastsett til 5 prosent.
  • Tillaten bifangst for fartøy med nordsjøtrålløyve eller avgrensa nordsjøtrålløyve blir fastsett til 2,5 prosent.
  • Tillaten bifangst for fartøy som fiskar med småmasket trål, unntatt reketrål, blir fastsett til 0,5 prosent.