Regulering av fisket etter kolmule i 2023

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I kyststatsforhandlingane om kolmule tidlegare i haust vart det semje om å fastsetje ein totalkvote (TAC) på 1 359 629 tonn kolmule i 2023. Dette er i tråd med Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) sitt råd.

Totalkvoten inkluderer ei avsetning til Den nordaust-atlantiske fiskerikommisjon (NEAFC) for andre land fisket sitt i internasjonalt farvatn på 108 226 tonn.

– Noreg har teke omsyn til ein norsk tradisjonell del av totalkvoten for kolmule sidan 2016, og vi tek omsyn til han også i 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Den norske tradisjonelle delen er på 26,245 prosent av totalkvoten, som svarer til 328 431 tonn kolmule i 2023. Av norsk totalkvote er det vedteke å avsetje 30 tonn til forskings- og undervisningsformål.

Noreg har i fiskeriforhandlingane i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen bytt 23 665 tonn kolmule til Russland i 2023. Etter fiskeriavtalen som Noreg har inngått med Færøyane 2023, kan norske fartøy fiske 50 000 tonn kolmule i færøysk farvatn i 2023.

– Reguleringa av kolmule har fungert godt i dei seinare åra, og den norske kolmulekvoten blir fordelt på same måte som førre år, med 78 prosent til kolmuletrålgruppa og 22 prosent til pelagisk trål/nordsjøtrål-gruppa. Vi er fornøgde med at vi kan ha ei stabil og føreseieleg regulering av fiske etter kolmule, seier Skjæran.