Av den norske kvoten er det sett av 406 tonn til rekrutteringskvotar (gammal ordning), 1000 tonn til rekrutteringskvotebonusordning (ny ordning), 890 tonn til forskings- og undervisningsformål, 500 tonn til agnkvotar og 2000 tonn til open gruppe for kystfartøy.

Fordelingsnøkkelen for norsk vårgytande sild som vart innført i tråd med Stortingets vedtak ved behandlinga av kvotemeldinga i 2020, og som no har verka som fordelingsnøkkel på nvg-sild i 2021 og 2022, blir vidareført i 2023.

Fordelingsnøkkelen er 49 prosent til ringnot, 10 prosent til trål og 41 prosent til kyst. Avtalen frå 2009 om kvotebyte mellom ringnot- og trålgruppa på nvg-sild og makrell blir vidareført som tidlegare.

- Vi må ta omsyn til Stortingets vedtak frå 2020 og føringane som vart lagde på fordelingsnøkkelen fram til vi har eit nytt vedtak å forhalda oss til, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Avsetninga til open gruppe på 2000 tonn vil også i 2023 bli trekt frå totalkvoten.

Utviklinga i fisket for kystfartøy under 15 meter viser at kvoteutnyttinga er god, og overreguleringsgraden blir vidareført på 10 prosent.