Rekordlåge tal for omdisponeringa av dyrka jord

Dei foreløpige tala frå kommunane (KOSTRA) viser at omdisponeringa av dyrka jord var på 2 751 dekar i 2023.

Det vil i så fall seie at ein er under det førre jordvernmålet på 3 000 dekar for andre gong, og på det lågaste nivået på femti år. Det vil òg seie at omdisponeringa har gått mykje ned i frå 2022 (ca. 3 500 dekar), men òg frå 2021 (2 970 dekar), året med den lågaste omdisponeringa til no. Dei endelege tala kommer i juni.

– Desse tala er eg fornøgd med, sjølv om eg kunne ønska at dei hadde vore enda lågare. Situasjonen verda er i no tydar på at jordvern og beredskap er viktigare enn nokon gong. I den nye nasjonale jorvernstrategien har regjeringa satt eit ambisiøst mål om maksimal omdisponering av 2 000 dekar dyrka mark årleg, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Samferdsel stod for den klart største delen av omdisponeringa i 2023 (37 prosent), med bustader (28 prosent) på ein klar andreplass. Heile 504 dekar dyrka jord blei førte tilbake til landbruksformål, noko som er ny rekord.

– Tala er foreløpige og vi må vente på dei endelege tala til juni. Det ser likevel ut til at kommunane har blitt meir merksame på jordvernet og tar betre vare på jordbruksareala våre. Kommunal- og distriktsministeren og eg sende nyleg ut eit brev til dei nye kommunepolitikarane, der vi peika på kor viktig jordvern er. Å styrke jordvernet er òg eit viktig mål med dei nye statlege retningslinjene for areal og mobilitet som regjeringa nyleg sende ut på høyring, seier Geir Pollestad.

Regjeringa la fram ein ny og oppdatert jordvernstrategi i proposisjonen om jordbruksoppgjeret for 2023. Den oppdaterte jordvernstrategien inneheld nye tiltak og eit forsterka jordvernmål. Ifølgje det vedtekne målet skal den årlege omdisponeringa av dyrka jord vere redusert til 2 000 dekar innan 2030.

Samferdsel/trafikk stod for den største delen av omdisponeringa i 2019 med 37 prosent. Illustrasjonsfoto, E6 ved Alvim, Sarpsborg.
Samferdsel stod for den klart største delen av omdisponeringa i 2023 (37 prosent). Foto: Morten Günther, NIBIO

Redusert nydyrking

Tillate nydyrka areal har gått veldig mykje ned dei siste fire åra, og er no nede på 9 500 dekar, ifølgje dei foreløpige KOSTRA-tala. Det er ein nedgang på 6 400 dekar frå i fjor og nesten 19 000 dekar frå rekordåret 2019 (28 100 dekar). Det klart høgaste talet for 2023 finner vi for Innlandet (3 000 dekar), med Trøndelag som ein god nummer to (1 600 dekar). På dei neste tre plassane følgjer Oslo og Viken (1 100 daa), Rogaland (900 dekar) og Nordland (800 dekar) (tala er avrunda).​

KOSTRA

KOSTRA (kommune-stat-rapportering) er eit system for rapportering der kommunane legger inn opplysningar om mykje av sin verksemd, mellom anna innanfor landbruksområdet. Oversikten viser foreløpige tal, og dei endelege tala vil føreligge i juni. For omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord, viser KOSTRA-tala kva som årleg er blitt godkjent omdisponert gjennom reguleringsplanar eller omdisponeringsvedtak etter jordlova. KOSTRA-tala viser ikkje kva som faktisk blir omdisponert det enkelte år, sidan det vil kunne gå fleire år frå omdisponeringa blir godkjent til den blir gjennomført. KOSTRA-tala har heller ikkje landbruket sin eigen nedbygging, som har vore nær 2 000 dekar dei siste åra ifølgje berekningar av SSB.