Ny rapport:
Russland gjer seg skuldig i brotsverk mot menneskeslekta
Nyheit | Dato: 18.03.2026 | Utanriksdepartementet
Ein ny rapport slår fast at Russland har gjort seg skuldig i brotsverk mot menneskeslekta ved å tvangsflytte ukrainske barn frå familiane sine.
Sivilbefolkninga i Ukraina blir utsett for forferdelege lidingar som følgje av Russlands ulovlege krig. Den uavhengige internasjonale granskingskommisjonen for Ukraina, som blir leidd av nordmannen Erik Møse, presenterte nyleg nye funn om brot på krigsfolkeretten og menneskerettane i Russlands ulovlege angrepskrig mot Ukraina.
– Dette er ein viktig rapport som slår fast at Russland har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta ved å deportere og tvangsflytte mange barn frå dei okkuperte områda i Ukraina. Dette er ei sak Noreg prioriterer i innsatsen vår i Ukraina. Barna må få kome heim igjen, og dei som står bak, må bli stilte til ansvar, seier utanriksminister Espen Barth Eide.
Ukrainske barn blir tekne
Rapporten dokumenterer at Russlands deportasjon og tvangsflytting av barn har blitt gjennomført i tråd med ein etablert politikk som blir koordinert frå øvste hald i den russiske staten.
Kommisjonen har funne over 1 200 tilfelle av ukrainske barn som har blitt deporterte eller tvangsflytte frå fem regionar i Ukraina, til Russland eller til okkuperte område i Ukraina. Russiske styresmakter har ikkje lagt til rette for retur av desse barna og har plassert dei hos adoptivfamiliar eller i institusjonar. Av sakene kommisjonen har undersøkt, har berre éin femdel av barna blitt returnert. Barna som kjem tilbake, opplever traume og angst og har behov for rehabilitering og reintegrering i det ukrainske samfunnet.
Gjennom Nansen-programmet støttar Noreg arbeidet med å finne og hente barn heim. Det er eit krevjande arbeid. Ukrainske styresmakter reknar med at om lag 20 000 barn har blitt tekne, og førebels er rundt 2 000 henta tilbake.
– For kvar dag som går, mistar desse barna ein bit av barndommen sin som frie ukrainarar. I staden blir dei tvinga til å snakke russisk og følgje militarisert undervisning, og verst av alt: Dei blir fråtekne retten til å leve saman med familien sin, seier utanriksministeren.
Rekrutterer framandsoldatar
Rapporten tek òg for seg menneskerettsbrot mot utanlandske borgarar som har blitt rekrutterte til det russiske forsvaret. Ifølgje rapporten har utanlandske statsborgarar frå over 17 land blitt rekrutterte til å kjempe for det russiske forsvaret i Ukraina. Fleire har blitt lurte under rekrutteringsprosessen og har blitt bedne om å signere kontraktar på språk dei ikkje forstår. Etter rekrutteringa blir dei tildelte livsfarlege arbeidsoppgåver ved fronten.
– Vi ser at stadig fleire land kritiserer Russland for å utnytte fattige unge menn, som blir sende rett i den russiske kjøtkverna langs frontlinja. Dette er nok ein grunn til at denne ulovlege og meiningslause krigen må ta slutt, seier Eide.
Dei brutale konsekvensane av krigen
Granskingskommisjonen presenterer òg fleire andre folkerettsbrot, inkludert brot på retten til rettferdig rettergang, tortur og bruk av seksuell og kjønnsbasert vald.
– Rapporten frå granskingskommisjonen er viktig dokumentasjon på dei konsekvensane krigen har for den ukrainske sivilbefolkninga. Det er avgjerande at vi stiller Russland til ansvar for alvorlege folkerettsbrot, at krigsfangar og ulovleg fengsla personar blir lauslatne, og at deporterte barn blir omgåande returnerte, seier utanriksministeren.
Noreg arbeider for å ansvarleggjere Russland for angrepskrigen og krigsbrotsverka i Ukraina. Noreg har mellom anna støtta skipinga av ein spesialdomstol for å straffeforfølgje dei ansvarlege i Russland for sjølve angrepet på Ukraina, og støttar organisasjonar som arbeider for å identifisere, dokumentere, etterforske og straffeforfølgje moglege krigsbrotsverk gjennom Nansen-programmet.
Granskingskommisjonen for Ukraina
Granskingskommisjonen for Ukraina blei oppretta av FNs menneskerettsråd i 2022 for å etterforske krigsbrotsverk og brot på menneskerettane som følgje av Russlands fullskala invasjon.
Kommisjonen har gitt ut fleire rapportar som dokumenterer Russlands omfattande og systematiske brot på menneskerettar og krigsfolkeretten. I 2024 konkluderte kommisjonen med at Russland har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta.