Statsbudsjettet 2026
Foreslår å ruste opp Kartverket med totalt 477 millionar dei neste fem åra
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa set i gang eit femårig prosjekt for å vidareutvikle Kartverkets fellesløysingar – ein kritisk del av den digitale samfunnsinfrastrukturen i Noreg. Målet er å sikre trygg drift og gjere det enklare å forvalte og nytte geografiske data på tvers av sektorar.
Kartverket har eit sentralt ansvar for digitale fellesløysingar som leverer kart og kartdata til viktige samfunnsområde som sikkerheit og beredskap, klima og miljø, plan- og byggesaksprosessar, samferdsle og privat næringsliv.
– Fellesløysingane utgjer ein digital grunnmur for viktige samfunnsfunksjonar. Utan nødvendige oppgraderingar står vi i fare til å måtte avgrense tilgangen til enkelte kartløysingar eller redusere vedlikehaldet. Det vil kunne påverke viktige oppgåver som beredskap ved flaum og skred, søk- og redningsaksjonar og operativ støtte til Forsvaret, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.
I takt med den digitale utviklinga har datamengda som blir forvalta gjennom Kartverket sine fellesløysingar auka betydeleg over tid. Samstundes har krava til både funksjonalitet, kvalitet og informasjonstryggleik vorte skjerpa og eksisterande fellesløysingar tilfredsstiller ikkje dei stadig meir komplekse brukarbehova.
Regjeringa foreslår derfor å løyve 47 millionar kroner i 2026, til oppgradering av Kartverkets fellesløysingar. Over ein femårsperiode vil det totalt bli sett av 477 millionar kroner til tiltak som skal medverke til utvikling av ein ny samhandlingsplattform, som sikrar betre funksjonalitet, høgare tryggleik og auka driftssikkerheit.
– Vi snakkar her om ein kritisk del av den digitale infrastrukturen i Noreg som blir nytta av om lag 750 aktørar, inkludert kommunar, Forsvaret og ei rekkje sivile etatar på tvers av sektorar. Fellesløysingane legg til rette for at offentlege verksemder kan utføre sine samfunnsoppdrag og lovpålagde oppgåver på ein effektiv og koordinert måte, seier Skjæran.
Geografiske data som inngår i Kartverkets fellesløysingar blir i stor grad samla inn av ulike aktørar i offentleg sektor. Kartverket er nasjonal geodatakoordinator og har det overordna ansvaret for å hente inn, systematisere, forvalte og distribuere desse dataa vidare. Når privatpersonar, kommunar og verksemder nyttar karttenester i Noreg – anten det gjeld planlegging, beredskap eller navigasjon – er det i praksis data som har vore gjennom Kartverkets system.
*En tidligere versjon av denne pressemeldingen hadde feil totalsum.