Nye reglar og fleire krav til seriøsitet i varebilbransjen
Nyheit | Dato: 22.12.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Samferdselsdepartementet
Frå nyttår må dei som driv transport med varebil mot betaling ha løyve, og sjåførar og medhjelparar må ha HMS-kort. Målet er ein trygg og seriøs bransje, og at det skal bli lettare å føre tilsyn og kontroll.
Begge krava gjeld særleg verksemder som fraktar varer til forbrukarar, til dømes kvitevarer, møblar, ved eller matlevering. Varetransportbransjen har hatt få reguleringar, og delar av bransjen har store utfordringar med dårlege arbeidsforhold, useriøsitet og kriminalitet.
– Det norske arbeidslivet skal vere trygt, uansett bransje. Desse endringane styrkjer det seriøse arbeidslivet i ein del av transportbransjen som har vore meir eller mindre uregulert. Vi må sørgje for effektive system som gjer det enklare å kontrollere og føre tilsyn. Dette er bra for dei seriøse verksemdene, for arbeidstakarane som jobbar i bransjen, og for arbeidslivet generelt, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Dei to nye endringane er oppfølging av tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren.
– Vi skal ha ei trygg og seriøs transportnæring med gode lønns- og arbeidsvilkår. Desse endringane kjem den seriøse delen av bransjen til gode. Løyvekravet har som mål å fremje like konkurransevilkår og seriøsitet i bransjen. Vi stiller klare og tydelege krav til heile transportnæringa og til at aktørane skal ha ting på stell når dei er ute på vegane våre, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Tydelegare krav
Det nye nasjonale varebilløyvet stiller krav til løyvehavar sin kompetanse, og skal sikre seriøsitet i bransjen og like konkurransevilkår. Løyvet blir utferda av Statens vegvesen og gjeld for godstransport med tillaten totalvekt mellom 2,5 og 3,5 tonn.
HMS-korta vil gi Arbeidstilsynet eit betre grunnlag for å føre tilsyn. Eit HMS-kort viser kven arbeidstakaren er, og kva verksemd arbeidstakaren arbeider i, og krev registrering i fleire offentlege register. Med innføring av krav til HMS-kort får Arbeidstilsynet eit nytt verktøy i arbeidet for trygge og ryddige forhold i denne bransjen. Tilsynet kan via kortet sjekke om registreringspliktene er oppfylte i sanntid.
Meir ansvar til dei som kjøper transporttenester
Dei nye krava skal bidra til at verksemder og arbeidstakarar blir registrerte korrekt i offentlege register. Det vil òg gi bestillarar av transporttenester eit betre grunnlag for å velje seriøst.
Fleire tiltak for auka seriøsitet er på trappene, og regjeringa vil i 2026 fremje lovforslag om å styrkje HMS-kortordninga, og innføre eit særskilt oppdragsgivaransvar. Dette inneber at verksemder som kjøper transporttenester skal krevje bruk av HMS-kort i kontraktane sine og kontrollere at dei som utfører oppdrag har HMS-kort.
Løyvekrav for varebilar frå 1. januar 2026:
- Gjeld godstransport mot vederlag med varebil mellom 2,5 og 3,5 tonn. Det vil vere krav om eitt løyve per køyretøy.
- Løyvehavar må ha fagkompetanse innan mellom anna yrkestransport- og vegtrafikkregelverket, arbeidsmiljølovgiving, køyreatferd og trafikksikkerheit, HMS og økonomi.
- For andre løyvekrav som økonomi, vandel og etablering, er det fastsett at reglane i yrkestransportforskrifta skal gjelde fullt ut.
- Nytt nasjonalt varebilløyve skal sikre seriøsitet og like konkurransevilkår.
Krav til HMS-kort i verksemder som transporterer andre sine varer med bil frå 1. januar 2026:
- Krav om HMS-kort for sjåførar og medhjelparar som utfører transport av andre sine varer med bil.
- Kravet omfattar transport med køyretøy som har ei tillaten totalvekt på opptil 3,5 tonn for fossilbilar og 4,25 tonn for elbilar. Det er ingen nedre vektgrense, derfor er òg personbilar omfatta av ordninga.
- Eit HMS-kort viser kven arbeidstakaren er, og kva verksemd arbeidstakaren arbeider i.
- Føremålet med HMS-kort er å ivareta arbeidstakarane sin helse, miljø og sikkerheit, men kortet har òg viktige funksjonar knytt til å redusere førekomsten av sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
- For å få utferda HMS-kort må plikt til registrering i følgjande offentlege register vere oppfyltt: enhetsregisteret, foretaksregisteret, det sentrale folkeregisteret, merverdiavgiftsregisteret, arbeidstakar- og arbeidsgivarregisteret, I tillegg må verksemda dokumentere gyldig opphaldsløyve for arbeidstakarar frå land utanfor EØS
- Det nye kravet gjeld både for verksemder med tilsette sjåførar og for enkeltpersonføretak der innehavaren sjølv utfører transportoppdrag. Medhjelparar som er med i bilen og utfører arbeid er òg omfatta, til dømes berehjelp. Derimot er ikkje transport av verksemda sine eigne varer omfatta.
Held fram arbeidet mot sosial dumping
Regjeringa held fram med å følgje opp handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren, og vil innføre nye krav for nasjonal godstransport med varebilar frå 2,5 til 3,5 tonn. Frå 1. juli 2026 foreslår regjeringa at det blir krav om både køyre- og kviletid og fartsskrivar. Forslaget er ute på høyring.