Statsbudsjettet 2021:

Satsar på arbeidsmarknadstiltak for å hjelpe fleire i jobb

Regjeringa foreslår å auke satsinga på arbeidsmarknadstiltak retta mot folk som står utan jobb med heile 825 millionar kroner i statsbudsjettet for 2021. Det vil gje om lag 7000 nye tiltaksplassar, og styrke ungdomssatsinga og inkluderingsdugnaden.

– Regjeringa vil legge til rette for at så mange som mogleg blir inkluderte i arbeidslivet. Å ha ein jobb å gå til er verdifullt for den enkelte, og for eit bærekraftig samfunn er det avgjerande at flest mogleg er i arbeid, seier arbeids- og sosialminister Henrik Asheim.

Regjeringa sitt forslag gir rom for om lag 63 000 tiltaksplassar i 2021. Det er om lag 7 000 fleire plassar enn det som ligger til grunn i dag. Fleire tiltaksplassar er eit målretta tiltak for å inkludere fleire i arbeidslivet, slik at ein motverkar at arbeidsløysa bit seg fast på eit høgt nivå framover.

– Godt tilpassa arbeidsmarknadstiltak har dokumentert positiv effekt på overgang til arbeid. No som arbeidsløysa er høg er det særleg viktig at flest mogleg får nødvendig støtte og hjelp til å kome raskt tilbake i jobb, seier arbeids- og sosialministeren.

Regjeringa foreslår også å opprette eigne opplæringskoordinatorar i NAV som skal styrke samarbeidet med utdanningsinstitusjonane og legge til rette for at flere kan få tilbod om naudsynt opplæring.

Styrka ungdomssatsing

Forslag om å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak og forslag om vidareføring av den midlertidige oppbemanninga ved NAV-kontorane i 2021, vil gi rom for å intensivere ungdomsinnsatsen i NAV. Viktige verkemiddel retta mot unge som står utanfor jobb og utdanning er opplæringstiltak, digitale oppfølgingstiltak, arbeidstrening i kombinasjon med mentor- og inkluderingstilskot og ei ny tilskotsordning til sommarjobb. Regjeringa foreslår også å styrke Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge under Barne- og familiedepartementets budsjett, som blant anna vil legge til rette for arbeidsplassar for utsett ungdom.

– Mange unge har låg tilknyting til arbeidslivet, og står derfor i ein ekstra sårbar situasjon no som situasjonen på arbeidsmarknaden er krevjande. I tida framover vil vi derfor ha auka fokus på tiltak som er målretta mot å få fleire unge ut i jobb eller opplæring, seier Asheim.

Inkluderingsdugnaden

Inkluderingsdugnaden blir også styrka gjennom den auka satsinga på arbeidsmarknadstiltak. Ved å prioritere tiltak som individuell jobbstøtte og opplæringstiltak vil regjeringa legge til rette for at fleire med hol i CV-en og/eller nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeidslivet.

– Framover blir det spesielt viktig å sørge for at utsette grupper ikkje blir skuvne lenger unna arbeidsmarknaden. I staten har vi satt mål om at 5 % av alle nye tilsette skal vere personar i målgruppa til inkluderingsdugnaden. Alle departementa skal levere ein plan for korleis dei og underliggande verksemder skal klare dette i haust, seier Asheim.