Statsbudsjettet 2024

Satsar på attraktive og klimavenlege byar med god framkome

– Regjeringa foreslår å vidarefører satsinga på miljøvenleg transport i byområda og legg til rette for nye byvekstavtalar. Målet er at auken i persontransporten skal gjennomførast til fots, på sykkel eller med kollektivtrafikk.

Regjeringa foreslår 7,5 milliardar kroner til avtalane med byområda. Om lag 6,7 milliardar skal gå til dei inngåtte byvekstavtalane for Oslo-området, Bergens-området, Trondheims-området og Nord-Jæren. Regjeringa prioriterer også auka statleg bidrag til dei store kollektivprosjekta som er under bygging.

– Regjeringa innfrir punktet i Hurdalsplattforma om å auke det statlege bidraget til 70 prosent i dei store kollektivprosjekta som er under bygging, seier samferdselsminister Nygård.

Regjeringa set vidare av midlar til å følgje opp framforhandla forslag til ny byvekstavtale for Tromsø, og til nye byvekstavtalar for Nedre Glomma og Kristiansandsregionen. Dei to sistnemnde byområda blir invitert til forhandlingar om byvekstavtale. For Buskerudbyen og Grenland blir belønningsordninga vidareført.

– Regjeringa ønskjer å bidra ytterlegare til ei kraftfull og langsiktig satsing på klima- og miljøvenleg transport i Nedre Glomma og Kristiansandsregionen. Vi vil leggje til rette for ei utvikling i byområda i tråd med nullvekstmålet. Difor vil regjeringa invitere både Kristiansandsregionen og Nedre Glomma til forhandlingar om byvekstavtalar, seier Nygård.