Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2021

Auka fokus på global helse

- Koronapandemien og tiltaka som er sette i verk for å demme opp, har dramatiske konsekvensar i utviklingsland. Økonomisk tilbakegang, auka fattigdom, arbeidsløyse og svolt er nokre av konsekvensane. Pandemien rammar allereie utsette og sårbare grupper særleg hardt. Konsekvensane av pandemien syner kor viktig det er med investeringar på helsefeltet, spesielt i land med svake helsesystem. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke den internasjonale helseinnsatsen med 500 millionar kroner i budsjettet for 2021. Den samla løyvinga til global helse blir nær fire milliardar kroner, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein.

I budsjettframlegget er 230 millionar kroner flytta til regionløyvingar for å vidareføre helsetiltak i samarbeidsland.

- Regjeringa har prioritert global helse i utviklingssamarbeidet særs høgt over mange år. Vi arbeider for at alle land skal få lik tilgang til vaksinar, medisinar og testar i kampen mot covid-19. Samstundes arbeider Noreg for betre helsesystem og for at innsatsen mot andre sjukdommar og mot svolt ikkje blir avbroten som følgje av pandemien. Vi skal hjelpe dei som treng det aller mest, skape framdrift for å nå berekraftsmåla og søkje å ikkje utelate nokon, seier Ulstein.

Noreg er blant dei største givarane til vaksinealliansen Gavi, som kjøper vaksinar og styrkjer vaksinasjonsprogram og helsesystem i låginntektsland. I budsjettet for 2021 føreslår regjeringa å inngå ein avtale med Gavi om støtte på 10,25 milliardar kroner, som vil bli betalt i åra 2021–2030.  

Vaksinekoalisjonen Cepi kan vise fram lovande resultat i utviklinga av ein covid-19-vaksine. Noreg har i perioden 2017–2025 gjeve Cepi eit tilskot på 1,6 milliardar kroner. I tillegg er det lova to milliardar kroner til Cepi for perioden 2021–2030 som er øyremerkte covid-19.

- Å få ein effektiv vaksine og å sikre at alle får tilgang til den, utan omsyn til inntekt, er høgt prioritert av regjeringa. Før vi får ein vaksine, handlar dei viktigaste helsetiltaka mot pandemien om smittevern i lokalsamfunn, testing, sporing og isolering. Slike tiltak har store sosiale, økonomiske og helsemessige konsekvensar, spesielt for sårbare personar – til dømes kvinner, barn og dei fattigaste. Difor er innsatsen vår på helseområdet òg ein innsats i kampen mot aukande fattigdom, seier Ulstein.

Regjeringa ønskjer også å rette eit auka fokus på ikkje-smittsame sjukdommar, som er årsak til 70 prosent av sjukdomsbyrdene og tidleg-dødsfalla i verda.

- Ikkje-smittsamme sjukdommar er ei vesentleg årsak til kronisk fattigdom. Noreg var det første landet i verda med ein strategi for å motverke slike sjukdommar i utviklingsland, og dette arbeidet vil vere viktig òg i 2021, seier Ulstein.

Den norske satsinga på seksuell og reproduktiv helse og rettar har gitt fleire kvinner tilgang til prevensjon og medverka til at færre kvinner døyr under fødslar og utrygge abortar. Covid-19 har svekka tilgangen til seksuell og reproduktiv helse og rettar, og ført til at talet på barneekteskap og tenåringsgraviditetar aukar. Regjeringa vil framleis prioritere desse områda.

- Sjølv om mykje pengar og merksemd no blir retta mot å handtere koronapandemien, blir dei viktigaste innsatsområda i utviklingspolitikken førte vidare – til dømes utdanning, klima og mattryggleik. Kamp mot korrupsjon og ulovleg kapitalflyt blir minst like viktig som før. Eg er særs oppteken av tiltak for verdas fattigaste. Difor har vi prioritert sosiale tryggingsnett som til dømes skulemat og kontantoverføringar til dei aller mest sårbare, i tillegg til at vi vidarefører likestillingsmilliarden og skjermar sivilsamfunn frå kutt, seier Ulstein.

Regjeringa legg fram forslag til eit bistandsbudsjett for 2021 som er på over 38,1 milliardar kroner. Dette er éin prosent av den anslåtte bruttonasjonalinntekta (BNI) for 2021.

- Dette er eit budsjett i ei krevjande tid for norsk økonomi. Nedgangen i anslått BNI krev tøffe prioriteringar i utviklingsarbeidet. Pandemien rammar alle, men han rammar dei fattigaste og sårbare hardast. Difor er det viktig at regjeringa innfrir prioriteringa frå Granavolden om at éin prosent av bruttonasjonalinntekta skal gå som bistand til fattige land. Dette er naudsynt i ei tid der den globale fattigdommen aukar for første gong sidan 1998. Samstundes veit vi at bistand relativt sett blir viktigare framover fordi handel, investeringar og pengeoverføringar går kraftig tilbake i utviklingslanda, seier Ulstein.             

Flyttingar i bistandsbudsjettet

Det er gjort framlegg om ei rekkje flyttingar under bistandsbudsjettet i budsjettframlegget for 2021. Hovudprinsippet for dei føreslåtte flyttingane i 2021 er at budsjettet skal spegle at Norad etter Reform 2019 forvaltar større delar av bistandsbudsjettet som utviklingsministeren har ansvaret for, bortsett frå midlar til Norfund og Norec. Meir om flyttingar i bistandsbudsjettet finn du her: