Skal gi barn og unge betre hjelp

Frå i dag får kommunane ei tydeleg plikt til å samordne tenestetilbodet til barn. Denne plikta og fleire andre lovendringar skal bidra til tettare samarbeid mellom barnehagar, skular, barnevern, Nav, helsetenester og sosialtenester.

– Det er viktig at barn som treng hjelp frå ulike velferdstenester opplever at tilbodet er godt koordinert på tvers av tenester. Men i dag er det ikkje alltid klart kven som skal samordne, og i praksis endar ofte familien med koordineringsjobben. Slik kan vi ikkje ha det. Derfor er eg glad for at kommunane no får eit tydeleg ansvar for å sørge for at tenestetilbodet til den einskilde er koordinert. Dette vil vere med på å styrke laget rundt barna og elevane, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

I dag trer det i kraft endringar i 14 lover som skal bidra til betre samarbeid om barn og unge som treng hjelp.

Eit viktig grep er at kommunane får ei plikt til å bestemme kva for teneste som skal ha ansvaret for å samordne tenestetilbodet til kvart barn som treng hjelp. Dei nye reglane forsterkar òg velferdstenestene sine plikter til å samarbeide med kvarandre.

Rett til eigen barnekoordinator

Det blir òg innført ein rett til eigen barnekoordinator. Det vil gjere det lettare for familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne. 

– Vi må ta godt vare på familiar med alvorleg sjuke barn. Foreldre skal kunne bruke tid på å vere foreldre og ikkje på administrasjon og å vere koordinator for hjelp som barnet treng. Barna og familiane skal få oppleve eit samfunn som stiller opp og dei skal oppleve å bli ivareteke og inkludert, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Barnekoordinatoren skal blant anna sørge for å koordinere tenestetilboda og passe på at kommunen varetek ansvaret for oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet. Koordinatoren skal òg sørge for at familien og barnet får nødvendig informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstenestetilbodet, andre velferdstenester og relevante pasient- og brukarorganisasjonar.

Ny felles forskrift om individuell plan

I dag trer det også i kraft ein ny forskrift om individuell plan. Individuell plan er eit viktig verktøy for godt samarbeid, både mellom tenestene og med den som tek imot tenestene. Denne er felles for helse- og omsorgstenestene, arbeids- og velferdstenestene og barnevernstenesta.

Desse endringane gjeld frå i dag:

  • Plikt for alle velferdstenestene til å samarbeide om oppfølginga av barn og unge når samarbeid er nødvendig for å gi barnet eller ungdommen eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
  • Plikt for alle velferdstenestene til å samarbeide med andre velferdstenester utover oppfølginga av konkrete barn eller ungdommar, når det er nødvendig for å vareta eigne eller oppgåvene til dei andre velferdstenestene etter lov eller forskrift.
  • Plikt for kommunen til å avklare kva velferdsteneste som skal samordne tenestetilbodet der barn og unge mottek tenester frå fleire, og der samarbeid er nødvendig for å gi eit heilskapleg og samordna tenestetilbod.
  • Rett til barnekoordinator for familiar med barn eller som ventar barn med alvorleg sjukdom, skadd eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
  • Gjeldande koordinatorordning i pasient- og brukarrettslova er lovfesta som ein individuell rett.
  • Harmoniserte reglar om plikt til å tilby individuell plan i helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova, psykisk helsevernslova, sosialtenestelova, NAV-lova og barnevernslova.
  • Plikt til å medverke i arbeidet med den individuelle planen i dei lovene som ikkje gir rett til ein slik plan.
  • Ein rett til individuell plan etter barnevernslova, og klagerett på avgjerder om individuell plan.
  • Harmoniserte reglar om opplysningsplikt til barnevernstenesta.
  • Harmoniserte reglar om merksemdplikt og plikt til å gi opplysningar til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta.
  • Utvida ordning med lovpålagte samarbeidsavtalar mellom dei kommunale helse- og omsorgstenestene og spesialisthelsetenesta, slik at ho omfattar barn og unge med samansette vanskar og lidingar, og som mottek tenester frå begge forvaltningsnivåa.