Statsministeren i møte med Natos generalsekretær

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fredag møtte statsminister Jonas Gahr Støre Natos generalsekretær Jens Stoltenberg til eit formelt møte i Natos hovudkvarter. Bakteppet for møtet er krigen i Ukraina og korleis det påverkar alliert sikkerheit. Støtte til Ukraina, førebuingar til Nato-toppmøtet i Litauen i juli og arbeidet med vern av undersjøisk infrastruktur var også tema som vart drøfta under møtet.

Statsminister Jonas Gahr Støre og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg hilser foran flagg og blåvegg i Nato-hovedkvarteret i Brussel.
Statsminister Jonas Gahr Støre og Natos generalsekretær Jens Stoltenberg i Nato-hovudkvarteret 24. mars 2023. Foto: Filip Van Loock / Nato

– Russlands krigføring i Ukraina demonstrerer viktigheita av Nato-medlemskapet for norsk og europeisk sikkerheit. Nato-landa er meir samla enn nokon gong og vi samarbeider tett for å styrke vår felles sikkerheit, seier statsminister Støre.

Korleis Nato og medlemslanda kan halde fram å støtte Ukraina framover var eitt av tema under møtet. Noreg har lansert ein femårig støttepakke til Ukraina på 75 milliardar kroner.

– At Ukraina kan forsvare seg er viktig både for Ukraina og for sikkerheita til Europa og Nato. Noreg vil halde fram å støtte Ukraina så lenge det er naudsynt, og vi er opptatt av å gjere dette i tett koordinering med allierte, seier statsministeren.

Møtebord med Stoltenberg og Støre rett overfor hverandre.
Møte mellom Nato og Noreg 23. mars 2023. Foto: Filip Van Loock / Nato

Møtet mellom Stoltenberg og Støre skjer etter at EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen, generalsekretær Stoltenberg og statsminister Støre besøkte Troll A-plattforma førre fredag. Trygging av kritisk undersjøisk infrastruktur var også eit tema under dagens møte.

– Noreg skal være ein stabil gassleverandør til Europa. I møte med Natos generalsekretær understreka eg viktigheita av å samarbeide med privat sektor for å sikre tilstrekkeleg trygging av undersjøisk infrastruktur. Dei har kapasitet og kunnskap og tett samarbeid med dei bør ligge til grunn for Natos vidare arbeid på dette feltet, seier Støre.

I møtet understreka statsministeren at Noreg ønskjer Finland og Sverige velkomne som fulle medlemmar i Nato, og at ei rask avklaring er viktig for norsk og alliert sikkerheit.

– Vi håper at Finland og Sverige raskt kan bli Nato-medlemmar. Med Sverige og Finland i Nato får vi eit tryggare Norden og eit tryggare Europa. Begge land er fullt ut kvalifisert for medlemskap. No er det viktig at Tyrkia og Ungarn ratifiserer, seier statsministeren.

Under møtet, som var det første formelle, bilaterale møtet med Natos generalsekretær sidan statsministeren tiltredde, blei det også snakka om Natos utanriksministermøte i Oslo i mai og om Nato-toppmøtet i Litauen i juli.

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og statsminister Jonas Gahr Støre går gjennom velkomstområde i Nato-hovedkvarteret.
Stoltenberg og Støre i Nato-hovudkvarteret. Foto: Filip Van Loock / Nato