Presseinvitasjon:

Statsråd Gjelsvik besøker Arendal og Porsgrunn

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Arendal i Agder og Porsgrunn i Vestfold og Telemark tysdag 25. oktober.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for tysdag 25. oktober

Kl. 10.10.: Statsråd Gjelsvik opnar Husbankkonferansen sør. Tema for konferansen er bustadutvikling og ulike buformer. Sjå omtale og program.

Stad: Clarion Hotel, Tyholmen i Arendal kommune.

Kl. 12.00: Statsråden besøker Impact Hub Agder saman med ordførar Robert Cornels Nordli. Impact Hub jobbar saman med Arendal kommune og frivillige organisasjonar med tiltak som betrer levekåra for innbyggjarane.

Stad: Torvgata 7 i Arendal kommune.

Kl. 14.30: Statsråden besøker Herøya industripark og møter mellom anna administrerende direktør Sverre Gotaas, Herøya industripark, og forretningsutviklar Ole-Petter Røstad, Telia. Tema for besøket er 5G-teknologi, industriutvikling og sikkerheit.

Stad: Hydrovegen 55, Herøya i Porsgrunn kommune.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no