Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik besøker Trondheim

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Trondheim i Trøndelag tirsdag 13. desember. Tema for reisa er mellom anna berekraft og områdesatsing.

Media er velkommen til å ta del i delar av programmet.

Program for tirsdag 13. desember

Kl. 09.45: Statsråden besøker SINTEF. Tema for møtet er næringsretta digitalisering.

  • Stad: SINTEF, Paul Fjermstadveg 59 i Trondheim.

Kl. 10.40: Statsråden møter Norid, registereinga for dei norske toppdomenena for landkoder. Norid er ein ekstern verksemd under Kommunal- og distriktsdepartementet. Møtet er ope for media.

  • Stad: Norid, Abelsgate 5 i Trondheim.

Kl. 12.00: Statsråden legg ned grunnsteinen for Skanska sitt prosjekt Powerhouse Lade. Bustadane blir energieffektive, og det er sett strenge mål for CO2-utslipp i byggefasen og etter innflytting. Arrangementet er ope for media.

  • Stad: Østmarkvegen 5 i Trondheim.

Kl. 14.00: Statsråden besøker Lademoen i Trondheim kommune i lag med ordførar Rita Ottervik og adm.dir. Osmund Kaldheim, Husbanken. Tema for besøket er områdesatsing i Lademoen og Tempe-Sorgenfri. Arrangementet er ope for media.

  • Stad: Lademoen bydelshus, Østersundgata 1 i Trondheim.

Pressekontakt

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kkd.dep.no