Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik til Sogn og Fjordane

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Sogn og Fjordane i Vestland 30. juli - 2. august. Tema for reisa er mellom anna distriktspolitikk og digitalisering.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for laurdag 30. juli

Kl. 11.00: Statsråden besøker Håslåttfestivalen i Viksdalen i Sunnfjord kommune i Vestland. Han deltar i ein distriktsdebatt saman med stortingsrepresentant Alfred Bjørlo og ordførar Jenny Følling.

  • Stad: Viksdalen skule, Vikja i Sunnfjord.


Program for måndag 1. august

Kl. 10.00: Statsråden møter Nordfjordakademiet og initiativet Freysta. Tema for møtet er arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

Kl. 11.00: Statsråden møter lokalpolitikarar. Tema for møtet er forholdet mellom kommunane sitt arbeid med arealforvaltning og statsforvaltaren sine krav og forventingar.

Program for tysdag 2. august

Kl. 12.30: Statsråden besøker Digitaliseringsdirektoratet i Leikanger i Vestland. I tillegg til å møte leiinga, treffer han IT-studentane som har sommarjobb ved DigdirCamp.

  • Stad: Digitaliseringsdirektoratet, Skrivarvegen 2 i Leikanger.

Kl. 14:00: Statsråden møter Statsforvaltaren i Vestland.

  • Stad: Statens hus, Njøsavegen 2 i Leikanger.

Pressekontaktar

Politisk rådgivar Ingrid Sand, mobiltlf. 46 89 89 55
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00