Statsrekneskapen 2024

Samla vart overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond (SPU) 792,6 milliardar kroner. Det går fram av statsrekneskapen for 2024 som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2024 vart 331,7 milliardar kroner, som er 14,7 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Det vart i 2024 overført 346,5 milliardar kroner frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, og statsbudsjettet før lånetransaksjonar syner dermed òg eit overskot på 14,7 milliardar kroner, jf. tabell 1 nedanfor. Samanlikna med rekneskapen for 2023 går oljepengebruken, målt ved det oljekorrigerte underskotet, opp med 41,2 milliardar kroner.

Inntektene vart i rekneskapen 11,7 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 3,1 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2024. Auken på inntektssida kjem særleg av skatte- og avgiftsinnbetalingar som vart 9,0 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn. Andre inntekter auka netto med knapt 2,7 milliardar kroner som i stor grad er meirinntekter på budsjettpostar med meirinntektsfullmakter. Mindreutgiftene fordeler seg på ei rekkje budsjettpostar. Statleg betalt meirverdiavgift vart 1,1 milliardar kroner høgare enn budsjettert, medan straumstøtta til hushaldningane vart om lag tilsvarande mindre. Netto mindreutgift kjem for ein stor del av løyvinga på 2,6 milliardar kroner for lønsoppgjeret 2024 som ikkje vart ferdig i tide til å verte betalt i 2024 og difor i stor grad er skyvd til 2025. Sjå tabell 3 nedanfor for detaljar.

Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit overskot på 777,8 milliardar kroner, som er 15,0 milliardar kroner meir enn rekna i nysaldert budsjett. Auken frå nysaldert budsjett kjem av ein auke i netto kontantstraum på 1,1 milliardar kroner og ein auke i renter og utbyte i fondet på 13,9 milliardar kroner. Samanlikna med rekneskapen for 2023 minka overskotet i Statens pensjonsfond med 268,9 milliardar kroner.  

Kapitalen i Statens pensjonsfond auka med 4 001,2 milliardar kroner i 2024 til 20 116,3 milliardar kroner. Av auken er 3 974,4 milliardar kroner knytt til SPU, medan kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) auka med 26,9 milliardar kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond auka kapitalen med 777,8 milliardar kroner. Netto realiserte og urealiserte vinstar / tap auka verdien av fondet med 2 108,4 milliardar kroner, medan svekka kronekurs auka verdien i SPU med 1 072,2 milliardar kroner. Inntekter frå netto finanstransaksjonar auka fondsverdien med 42,8 milliardar kroner. Ved utgangen av 2024 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 19 735,1 milliardar kroner, medan verdien av SPN er 381,1 milliardar kroner, jf. tabell 2 nedanfor.

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstal.  

I samband med publiseringa av statsrekneskapen for 2024, vil Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) holde eit lynkurs i korleis ein kan nytte statsregnskapet.no. Kurset vert gjennomført som eit gratis webinar 6. mai. Sjå lenke med påmeldingsinformasjon.

Tabell 1 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Nysaldert budsjett 2024

Rekneskap 2024

1.

Statsbudsjettet

       

A

Inntekter i alt

2 494 401

2 388 642

2 310 380

2 323 787

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

1 008 461

858 166

748 954

750 685

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 485 940

1 530 477

1 561 426

1 573 102

B

Utgifter i alt

1 806 800

1 892 961

1 955 777

1 953 331

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

30 396

26 000

47 900

48 526

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 776 404

1 866 961

1 907 877

1 904 804

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

687 601

495 681

354 603

370 457

-

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

978 064

832 166

701 054

702 159

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2)

-290 463

-336 484

-346 451

-331 702

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

286 217

336 484

346 451

346 451

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

-4 246

0

0

14 748

2.

Statens pensjonsfond

       
 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

978 064

832 166

701 054

702 159

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

286 217

336 484

346 451

346 451

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

691 847

495 681

354 603

355 708

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

354 881

360 600

408 177

422 108

=

Overskot i Statens pensjonsfond

1 046 728

856 281

762 780

777 816

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

       
 

Samla overskot

1 042 482

856 281

762 780

792 564

 

 

Tabell 2 Statens pensjonsfond 2024 (mrd. kroner)

Statens pensjonsfond utland

Statens pensjonsfond Noreg

Samla

Netto kontantstraum

 702,2

 

 702,2

-Overført statsbudsjettet

 346,5

 

 346,5

Renter og utbyte

 402,8

 19,3

 422,1

Overskot

 758,6

 19,3

 777,8

Kapital per 31.12.2023

 15 760,8

 354,3

 16 115,0

Overskot

 758,6

 19,3

 777,8

Valutakursregulering

 1 072,2

 -

 1 072,2

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

 2 100,8

 7,6

 2 108,4

Inntekt frå netto finanstransaksjonar

 42,8

 

 42,8

Kapital per 31.12.2024

 19 735,1

 381,1

 20 116,3

Endra verdi, fondskapital

 3 974,4

 26,9

 4 001,2

 

 

Tabell 3 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2024
(mrd. kroner)

Frå nysaldert budsjett til rekneskap

Minke i det oljekorrigerte underskotet

14,7

Netto inntektsendringar

11,7


Av dette:

 

Skattar og avgifter

9,0

Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA

-0,2

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,2

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

2,6

Andre inntekter

0,2

 

Netto utgiftsendringar

 

-3,1


Av dette:

 

Folketrygda, inkludert dagpengar, kap. 2530-2790

-0,1

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

0,4

Momskomp. kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-0,4

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

1,1

Straumstøtte, hushaldningar, kap. 1820

-1,1

Unytta løyving til lønskompensasjon 2024

-2,6

Rammetilskot kommunar/fylkeskommunar, kap. 0571/0572

1,0

Andre netto endringar

-1,3