Statsrekneskapen 2025
Pressemelding | Dato: 24.04.2026 | Finansdepartementet
Samla vart overskotet i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond (SPU) 639,1 milliardar kroner. Det går fram av statsrekneskapen for 2025 som vart lagt fram i dag.
Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2025 vart 475,7 milliardar kroner, som er 4,5 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Det vart i 2025 overført 480,2 milliardar kroner frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i vedtatt, nysaldert budsjett, og statsbudsjettet før lånetransaksjonar syner dermed òg eit overskot på 4,5 milliardar kroner, jf. tabell 1 nedanfor. Samanlikna med rekneskapen for 2024 går bruken av fondsmidlar, målt ved det oljekorrigerte underskotet, opp med 144,0 milliardar kroner.
Inntektene vart i rekneskapen 3,9 milliardar kroner mindre og utgiftene vart 8,4 milliardar kroner mindre enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2025. Minken på inntektssida kjem særleg av skatte- og avgiftsinnbetalingar som vart 7,8 milliardar kroner lågare enn lagt til grunn. Andre inntekter auka netto med 3,9 milliardar kroner som i stor grad er meirinntekter på 2,9 milliardar kroner under forsvar og 1,0 milliardar kroner på andre budsjettpostar med meirinntektsfullmakter. Mindreutgiftene fordeler seg på ei rekkje budsjettpostar. Materiellanskaffingar i forsvaret vart 5,5 milliardar kroner lågare enn budsjettert, medan nettoordninga for statleg betalt meirverdiavgift og utgifter under folketrygda enda over ein milliard kroner over budsjett. Verksemder som Noregs Forskningsråd, Kystverket og Miljødirektoratet syner betydelege mindreutgifter. Sjå tabell 3 nedanfor for detaljar.
Det er ein auke i nivået på overføring av unytta løyving frå 2025 til 2026 på 11,6 mrd. kroner frå tilsvarande overføring frå 2024 til 2025. Denne auken må sjåast i samanheng med mindreutgiftene og bruken av meirinntektsfullmakter. Det er særleg forsvaret som har ein stor auke i overført, unytta løyving, og mykje av det er knytt til støtte til Ukraina.
Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit overskot på 634,6 milliardar kroner, som er 24,0 milliardar kroner meir enn rekna i nysaldert budsjett. Auken frå nysaldert budsjett kjem av ein auke i netto kontantstraum på 8,2 milliardar kroner og ein auke i renter og utbyte i fondet på 15,8 milliardar kroner. Samanlikna med rekneskapen for 2024 minka overskotet i Statens pensjonsfond med 143,2 milliardar kroner. Dette kjem av lågare netto kontantstraum og auka overføring frå SPU, til saman 172,0 milliardar kroner. Renter og utbyte i fondet auka med 40,4 milliardar kroner.
Kapitalen i Statens pensjonsfond auka med 1 558,4 milliardar kroner i 2025 til 21 674,7 milliardar kroner. Av auken er 1 522,7 milliardar kroner knytt til SPU, medan kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg (SPN) auka med 35,7 milliardar kroner. Overskotet i Statens pensjonsfond auka kapitalen med 634,6 milliardar kroner. Netto realiserte og urealiserte vinstar / tap auka verdien av fondet med 1 939,6 milliardar kroner, medan styrka kronekurs reduserte verdien i SPU med 1 155,3 milliardar kroner. Inntekter frå netto finanstransaksjonar auka fondsverdien med 139,6 milliardar kroner. Av dette var 96,8 milliardar kroner tilbakeføring frå kontantbehaldninga til SPU og 42,7 milliardar kroner sal av aksjar knytt til Equinors atterkjøpsprogram av eigne aksjar. Ved utgangen av 2025 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 21 257,8 milliardar kroner, medan verdien av SPN er 416,8 milliardar kroner. Sjå tabell 2 nedanfor.
Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.
Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.
Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.
Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.
I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.
Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstal.
I samband med publiseringa av statsrekneskapen for 2025, vil Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) holde eit lynkurs i korleis ein kan nytte statsregnskapet.no. Kurset vert gjennomført som eit gratis webinar 5. mai. Sjå lenke med påmeldingsinformasjon.
|
|
Rekne- |
Saldert budsjett |
Nysaldert budsjett |
Rekne-skap |
|
|
1. |
Statsbudsjettet |
||||
|
A |
Inntekter i alt |
2 323 787 |
2 249 918 |
2 290 483 |
2 290 081 |
|
A.1 |
Inntekter frå petroleumsverksemda |
750 685 |
672 559 |
689 219 |
692 719 |
|
A.2 |
Inntekter utanom petroleumsverksemda |
1 573 102 |
1 577 359 |
1 601 264 |
1 597 361 |
|
B |
Utgifter i alt |
1 953 331 |
2 052 803 |
2 114 894 |
2 101 784 |
|
B.1 |
Utgifter til petroleumsverksemda |
48 526 |
29 600 |
33 434 |
28 714 |
|
B.2 |
Utgifter utanom petroleumsverksemda |
1 904 804 |
2 023 203 |
2 081 460 |
2 073 070 |
|
= |
Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B) |
370 457 |
197 115 |
175 589 |
188 297 |
|
- |
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1) |
702 159 |
642 959 |
655 786 |
664 005 |
|
= |
Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2-B.2) |
-331 702 |
-445 844 |
-480 197 |
-475 709 |
|
+ |
Overført frå Statens pensjonsfond utland |
346 451 |
445 844 |
480 197 |
480 197 |
|
= |
Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar |
14 748 |
0 |
0 |
4 488 |
|
2. |
Statens pensjonsfond |
||||
|
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland |
702 159 |
642 959 |
655 786 |
664 005 |
|
|
- |
Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet |
346 451 |
445 844 |
480 197 |
480 197 |
|
= |
Netto avsett i Statens pensjonsfond utland |
355 708 |
197 115 |
175 589 |
183 809 |
|
- |
Overført frå statens pensjonsfond Noreg |
11 700 |
11 700 |
11 700 |
|
|
+ |
Renteinntekter og utbyte i fondet |
422 108 |
451 559 |
446 700 |
462 476 |
|
= |
Overskot i Statens pensjonsfond |
777 816 |
636 974 |
610 589 |
634 585 |
|
3. |
Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond |
||||
|
Samla overskot |
792 564 |
636 974 |
610 589 |
639 073 |
|
|
|
Statens |
Statens |
Samla |
|
Netto kontantstraum |
664,0 |
664,0 |
|
|
-Overført statsbudsjettet |
480,2 |
480,2 |
|
|
-Overført frå SPN |
11,7 |
11,7 |
|
|
Renter og utbyte |
444,4 |
18,1 |
462,5 |
|
Overskot |
628,2 |
6,4 |
634,6 |
|
Kapital per 31.12.2024 |
19 735,1 |
381,1 |
20 116,3 |
|
Overskot |
628,2 |
6,4 |
634,6 |
|
Valutakursregulering |
-1 155,3 |
- |
-1 155,3 |
|
Realiserte/urealiserte vinstar/tap |
1 910,2 |
29,3 |
1 939,6 |
|
Inntekt frå netto finanstransaksjonar |
139,6 |
139,6 |
|
|
Kapital per 31.12.2025 |
21 257,8 |
416,8 |
21 674,7 |
|
Endra verdi, fondskapital |
1 522,7 |
35,7 |
1 558,4 |
|
Frå nysaldert |
|
|
Minke i det oljekorrigerte underskotet |
4,5 |
|
Netto inntektsendringar |
-3,9 |
|
Av dette: Skattar og avgifter |
-7,8 |
|
Renteinntekter og utbyte utan Equinor ASA |
-0,2 |
|
Inntekter frå forvaltningsverksemdene |
0,1 |
|
Inntekter under forsvaret |
2,9 |
|
Andre inntekter |
1,2 |
|
Netto utgiftsendringar |
-8,4 |
|
Av dette: Kjøp av materiell i forsvaret, kap. 1760 |
-5,5 |
|
Noregs Forskningsråd, kap. 0285 |
-0,9 |
|
Kystverket, kap. 0916 |
-0,7 |
|
Miljødirektoratet, kap. 1420 |
-0,7 |
|
Klima og skogsatsinga, fornybar energi, klimakvotar (kap 0163, 1481 og 1482) |
-0,6 |
|
Departementas digitaliseringsorganisasjon, kap. 1515 |
-0,5 |
|
Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633 |
1,2 |
|
Momskomp. kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632 |
0,1 |
|
Folketrygda, inkludert dagpengar, kap. 2530-2790 |
1,0 |
|
Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89 |
0,4 |
|
Andre netto endringar |
-2,1 |