Statsbudsjettet 2026:
Styrkar Jobbsjansen med 23 millionar for å få fleire innvandrarkvinner i arbeid
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeid og ei inntekt å leve av er avgjerande for å betre integreringa og gir økonomisk sjølvstende. Regjeringa styrker difor ordninga for å få fleire innvandrarkvinner som står langt unna arbeidslivet i arbeid.
– Altfor mange kvinner med innvandrarbakgrunn står utanfor arbeidslivet. Difor styrkar vi Jobbsjansen, som er eit skreddarsydd kvalifiseringsprogram for å få innvandrarkvinner som står langt frå arbeidslivet, inn i jobb. Målet er at fleire skal bli økonomisk sjølvstendige og få tryggleik i kvardagen, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Regjeringa løyver totalt 210,5 millionar kroner til ordninga i 2026. Det gir om lag 1200 plassar totalt. Dette er fjerde gongen ordninga blir styrka sidan Arbeidarpartiet kom i regjering. Blant kvinner som fullfører Jobbsjansen, går rundt 75 prosent direkte ut i arbeid eller utdanning.
– Jobbsjansen er eit målretta tiltak og gir gode resultat ved at fleire som står utanfor arbeidslivet kjem i jobb. Vi må bruke ressursane på det som fungerer, og difor er eg glad for at mange kvinner med innvandrarbakgrunn får hjelpa dei treng for å bli ein del av det ordinære arbeidslivet, seier Stenseng.
Ei styrking av ordninga gjer at fleire heimeverande innvandrarkvinner får høve til å kvalifisere seg for jobb eller utdanning i eit tilpassa løp.
– Å få høve til å bli økonomisk sjølvstendig er viktig for alle. Det gir økonomisk tryggleik, men òg tryggleik i kvardagen. Når vi investerer i innvandrarkvinner, investerer vi òg i familiar, barn og eit meir inkluderande arbeidsliv. Jobbsjansen har ringverknader langt utover den eine tiltaksplassen, seier Stenseng.