– I møte med dagens utfordringsbilete og geopolitiske situasjon, har det aldri vore viktigare at vi får eit berekraftig, sterkt og motstandsdyktig nord, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

– Med den styrkte innsatsen i Nord-Noreg vil vi bidra til livskraftige lokalsamfunn, og til at nordområdepolitikken styrkjer vår nasjonale tryggleik og beredskap, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

Regjeringa følgjer i statsbudsjettet for 2026 opp nordområdestrategien gjennom eit breitt spekter av tiltak. Regjeringa vil dei neste åra legge til rette for betydelege investeringar i samfunnsutvikling, infrastruktur og forsvaret i nord. Dette vil gje store ringverknader for lokalsamfunnet. Regjeringa satsar på forsking og kompetanse og vil dei neste ti åra investere ein milliard kroner til forsking i Polhavet gjennom programmet Polhavet 2050.

Regjeringa styrkjer innsatsen i Nord-Noreg mellom anna på desse områda:

Styrkje beredskapen

Det blir etablert ei nasjonal tiltakssone for beredskap i Troms og Finnmark, med utgangspunkt i NATO sine grunnleggjande forventningar til motstandskraft i kritiske sivile samfunnsfunksjonar. Som del av dette, føreslår regjeringa å styrkje statleg og kommunalt beredskapsarbeid i Nord-Noreg, med særleg vekt på Aust-Finnmark og samarbeid med Sverige og Finland.

Det blir føreslått å styrkje den statlege nærværet til sentrale beredskapsaktørar i Aust-Finnmark, og etablere ein møteplass for statlege aktørar sitt arbeid med sivil motstandskraft og sivil-militært samarbeid i nord. Regjeringa vil òg styrkje kommunane sitt beredskapsarbeid i Aust-Finnmark gjennom økonomisk støtte. Dette er i tråd med tilrådinga frå Totalberedskapskommisjonen.

Satsar på Forsvaret i nord

Gjennomføringa av Forsvarsløftet inneber store investeringar og styrking av infrastruktur i Nord-Noreg. I 2026 planlegger regjeringa å investere meir enn 3,2 milliardar kroner  i eigedom, bygg og anlegg ved fleire av Forsvaret sine lokalitetar i Nord-Noreg.

Nordområda er Noregs viktigaste strategiske satsingsområde. Russlands krig mot Ukraina og økt spenning i verden har endra Noregs omgjevnader fundamentalt.

I nord møtes utanriks-, sikkerheits- og innanrikspolitikken kvar einaste dag. Nordområda er avgjerande for forsvaret av Noreg og NATO. Forsvarsløftet støtter opp under målsettingane om at Nord-Noreg skal ha livskraftige lokalsamfunn der folk ønsker å bo, og som bidrar til sikkerheit og beredskap, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.

Regjeringa er oppteken av at forsvarssatsinga i nord òg skal bidra til auka aktivitet i lokalt nærings- og samfunnsliv. Det blir derfor føreslått å styrkje kompetanseheving og leverandørutvikling i lokalt næringsliv, slik at små og mellomstore bedrifter i regionen kan bli godt rusta til å levere til Forsvaret. Vidare blir det føreslått å styrkje samarbeidet mellom forsvarskommunane og Forsvaret om bustad- og stadutvikling for å byggje attraktive lokalsamfunn.

Byggje gode og livskraftige lokalsamfunn

– Livskraftige lokalsamfunn er hjørnesteinen for busetjing og aktivitet i Nord-Noreg. Variert næringsgrunnlag, gode offentlege tenester og attraktive stader er viktige fundament i dette. Vi føreslår i budsjettet for 2026 ei rekkje tiltak for auka næringsutvikling, betre kompetanse, bustadbygging og fritidsaktivitetar i nord, seier Bjørnar Skjæran.

Regjeringa vil styrke tilbodet av fleksibel og desentralisert høgare utdanning i Finnmark, med særleg vekt på Aust-Finnmark/Kirkenes. Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet skal i dialog med aktørar i regionen nytte midlane til å styrke tilbodet og gjere det meir føreseieleg framover.

Innsatssona har som mål å bidra til auka busetjing og aktivitet for å styrkje Noregs tryggleik og beredskap. Regjeringa føreslår å styrkje verkemidla i innsatssona for Nord-Troms og Finnmark med 75 millionar kroner, ved å auke Finnmarksfrådraget og doble satsen for gjeldslette av utdanningslån.

Regjeringa føreslår å starte eit program for kartlegging av sjøbotn og økosystem. Målet er å leggje til rette for sameksistens og utvikling av havbruk, fiskeri og andre marine næringar. Kartlegginga vil starte i Varangerfjorden.

Regjeringa føreslår òg ei styrkt satsing på næringsutvikling basert på samisk kultur og identitet, med mål om å støtte opp om ei berekraftig utvikling i samiske område. Regjeringa vil derfor styrkje tilgangen på kapital for samiske bedrifter og bidra til drift av samisk eksportkontor, og held fram satsinga på samisk film.

Regjeringa følger opp Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport og vil be Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet om å greie ut mogleg organisering av eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett. Utgreiinga skal gjerast i tett dialog med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske miljø.

Vil doble støtta til militær mobilitet på fylkesveg

For 2026 føreslår regjeringa å doble løyvinga frå 50 millionar kroner til 102 millionar kroner for å ruste opp 14 bruer som er viktige for militær mobilitet på fylkesvegnettet i mellom anna Troms. Regjeringa føreslår òg å prioritere midlar til å starte opp fleire mindre investeringstiltak på riksvegar som er viktige for militær mobilitet. Det er førebels aktuelt å starte tiltak i mellom anna Narvik-området, og enkelttiltak som mellom anna på bruer i Finnmark, Troms og Nordland. Statens vegvesen har ansvar for å avgjere oppstart av dei ulike prosjekta.

– Dette forslaget gjer det mogleg å gjennomføre fleire tiltak som legg til rette for militær mobilitet. Det blir mogleg å starte arbeida på alle dei fire bruene som blir prosjekterte i 2025, samt ferdigstille brua som hadde byggjestart i 2025, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

E45 Kløfta

Det er planlagt at anleggsarbeida på E45 Kløfta skal starte opp i 2026, og etter planen skal prosjektet opnast for trafikk i 2029. Dette vil gje ein trygg, føreseieleg og god heilårsveg på E45. Strekninga er skredutsett, og om vinteren er partiet ved Kløfta i Alta kommune ei flaskehals for tungtrafikken mellom Finnmark og utlandet. Det er òg dårleg standard enkelte stader på dagens veg.