Skriftleg spørsmål nr. 573 (2023-2024)
Datert 01.12.2023

Frå representanten Andreas Sjalg Unneland (SV) til utanriksministeren

Europarådets torturovervåkingskomité (CPT) har tidligere rapportert at restriksjoner på den kurdiske lederen Abdullah Öcalan og andre innsatte i Tyrkias İmrali-fengsel er ikke akseptable. Den siste rapporten fra CPT har de nektet å publisere. Vil utenriksministeren kreve at rapporten blir lagt ut for offentligheten?

Svaret frå utanriksministeren:

I utgangspunktet er rapportar frå Europarådet sin torturovervakingskomité (CPT) ikkje offentleg tilgjengelege. Når desse rapportane blir offentleggjorde skjer det i samråd med landa rapporten gjeld.

Den europeiske konvensjonen om førebygging av tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff seier i artikkel 11 nr. 1 at rapportane er konfidensielle. Etter artikkel 11 nr. 2 kan rapportane berre offentleggjerast om den aktuelle medlemsstaten ber om det. Europarådets sekretariat har jamleg bede Tyrkia om løyve til å publisere CPTs rapportar frå besøk til Tyrkia, men så langt har Tyrkia ikkje akseptert å offentleggjere rapportane etter besøka i 2016, 2018, 2021 og 2022.

For Noreg sin del har vi akseptert automatisk offentleggjering av CPT-rapportar som gjeld landet vårt. Denne praksisen følgjer òg Albania, Bulgaria, Danmark, Finland, Litauen, Luxembourg, Moldova, Monaco, Nord-Makedonia, Slovenia, Sverige, Tsjekkia, Ukraina og Austerrike.

Offentleggjering av rapporten som gjeld forhold i Tyrkia er med andre ord eit spørsmål mellom tyrkiske styresmakter og sekretariatet til Europarådet.