Historisk arkiv

Svar på spørsmål om palestinske menneskerettsorganisasjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldt sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om seks palestinske menneskerettsorganisasjonar som blei inkludert av Israel på terrorlista den 19. oktober 2021, og om utanriksministeren no vil be Israel oppheva terrorstemplinga sidan det no er sju månadar sidan terrorstemplinga fant stad.

Skriftlig spørsmål nr. 2089 (2021-2023).
Datert 19.05.2022

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:
Seks palestinske menneskerettsorganisasjonar blei inkludert av Israel på terrorlista den 19. oktober 2021. Utanriksministeren uttrykte i januar at Noreg vil be Israel gjera om på vedtaket om det ikkje førekjem tilstrekkelig informasjon som underbygger skuldinga innan rimeleg tid. Det er no sju månadar sidan terrorstemplinga fant stad.

Meiner utanriksministeren at sju månadar er «rimeleg tid», og vil utanriksministaren no be Israel oppheva terrorstemplinga av dei seks palestinske menneskerettsorganisasjonane?

Utanriksministerens svar:
Eg viser til tidlegare svar på spørsmål frå Stortinget om denne saka, inkludert svar 2. mai og 21. februar.

Eg er djupt uroa for konsekvensane av den israelske avgjerda. Handlingsrommet for sivilsamfunnet i Palestina vert stadig meir avgrensa. Det gjer det òg vanskelegare å få truverdig informasjon om brot på menneskerettane og om overgrep. Det råkar sårbare grupper som barn, kvinner og fattige bønder særleg hardt.

Noreg har kontakt med israelske styresmakter, sivilsamfunnsaktørar, FN og andre givarar om saka. Denne dialogen held enno fram. Dette tar tid, men det er nødvendig for at givarsamfunnet er mest mogleg samla langs ei felles linje. Eg meiner det viktigaste framover er å bidra til at det palestinske sivilsamfunnet får halde fram med det viktige arbeidet sitt.

Noreg har gjennom tiår investert store ressursar i å støtte opp om og bidra til å byggje opp eit palestinsk sivilsamfunn. Vi legg framleis stor vekt på dette arbeidet og prioriterer det høgt. Noreg vil jobbe aktivt for å finne gode løysingar, i dialog med dei aktuelle partane.