Samanslåinga mellom  Husleigetvistutvalet og Husbanken skjer med verknad frå 1. januar 2026. Målet med samanslåinga er å samle og styrke verkemidlane på  i leigemarknaden og sette Husleigetvistutvalet betre i stand til å løyse fleire tvistar.

– Lang sakshandsamingstid er uheldig for både leigetakar og utleigar, og for organisasjonen. Å korte ned ventetida er ei viktig prioritering òg i 2026. Samanslåinga vil bidra til å få ned tidsbruken, seier Kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.

Regjeringa vil styrkje arbeidet til Husleigetvistutvalet med å handtere tvistesaker på leigemarknaden. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å styrke løyvinga med 2,1 millionar kroner. Regjeringa vil òg auke gebyret utleigar må betale for få saka si handsama i Husleigetvistutvalet. Dette vil auke handlingsrommet til Husleigetvistutvalet med ytterlegare 1,9 mill. kroner.

Om lag ein million innbyggjarar leiger bustad i Noreg. De fleste leigeforhold fungerer godt, men nokre gonger kan det oppstå tvistar som ikkje blir løyst mellom utleigar og leigetakar.  Husleigetvistutvalet avgjer tvistar og meklar i saker om leige i heile landet.

Talet på tvistesaker til Husleigetvistutvalet har likevel auka kraftig dei siste åra, frå rundt 1 800 saker i 2020 til 4 300 saker i 2024. Talet på sakar held fram med å auke i 2025,som gjer at det tek lenger tid å handsame tvistane. 

For ein liten etat som Husleigetvistutvalet er òg dei høge administrative krava ei utfordring. Etter samanslåinga vil Husbanken ta hand om dei administrative oppgåvene. Husbanken vil òg bidra til meir digitalisering av sakshandsaminga av husleigetvister. Dette vil gjere sakshandsaminga av husleigetvistar meir robust, og innsatsen kan i større grad gå frå tvisteløysning til førebygging.

– Eit viktig mål for regjeringa er å bidra til fleire trygge og velfungerande leigeforhold. Difor vil vi satse meir på førebygging av tvistar mellom leigetakar og utleigar, ikkje berre løyse dei når skaden har skjedd, seier Skjæran.

Kunnskapen frå Husleigetvistutvalet om husleigetvistar vil bli verdifull for å auke kunnskapen til Husbanken om kvifor talet på tvistar aukar og kva som skal til for å førebygge konfliktar.

Regjeringa tar fleire grep for leigemarknaden

Samanslåinga av Husleigetvistutvalet og Husbanken er del av ein større innsats for ein trygg og føreseieleg leigemarknad. Bustadmeldinga introduserer ein fornya leigemarknadspolitikk med mål om å sikre trygge og stabile leigeforhold, eit tilstrekkeleg utleigetilbod, solid kunnskapsgrunnlag om leigemarknaden, og ein berekraftig kommunal utleigesektor.

I august lanserte Kommunal- og distriktsministeren fem strategiske grep for å nå desse måla. Grepa omfattar mellom anna tiltak for å styrkje butryggleiken, styrkje tilbodet av leigebustader og motverke bustadløyse.