Energi til arbeid

Tildeling av areal og utredning av nye områder for havvind i Norge

Olje- og energidepartementet legg i dag ut på høyring fleire forslag til utviklinga av havvind i Noreg. Høyringa kjem saman med stortingsmeldinga "Energi til arbeid" om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar.

Regjeringa vil opne for at interesserte verksemder så snart som muleg kan få tildelt areal og dermed søke konsesjonar til havvindprosjekt innanfor dei opna områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II. Før areal kan tildelast og søknadar kan handsamast må fleire detaljar i regelverket klargjerast.

Departementet føreslår difor i dag endringar i både havenergilova og havenergilovforskrifta, og ein rettleiar for konsesjonsprosessen for havvind.

Dokumenta på høyring kan lesast her, og høyringsfristen er 20. august 2021.

— Vi føreslår no eit rammeverk for utvikling av lønsame havvindprosjekt som skal bidra til å utvikle ei konkurransedyktig næring for Noreg og som gjev føreseielegheit for næringa. Eg håpar på mange gode innspel i høyringa, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Havvind er eit sentralt tema i stortingsmeldinga "Energi til arbeid" som blei lagt fram i dag. Her kjem det mellom anna fram at regjeringa vil at norsk industri kan ta del i den framveksande havvindmarknaden. Samstundes stadfestar regjeringa at siktemålet er å legge til rette for samfunnsøkonomisk lønsam utbygging av havvind i Noreg.

Nettkostnadar skal dekkast av utbyggjarane. Utvikling av vindkraft til havs skal ikkje føre til kostnadar for kundane på land.

Det er stor forskjell i modning på botnfast og flytande teknologi for vindkraft til havs. Regjeringa meiner teknologistøtte er det mest eigna verkemiddelet for å utvikle flytande havvind i Noreg, ved at demonstrasjonsprosjekt kan bidra til å redusere kostnaden. Enova er verkemiddelet for støtte til teknologiutvikling av flytande vindkraft. Regjeringa vil vurdere å auke løyvingane til Enova som del av den ordinære budsjettprosessen når tidspunktet for å gi konsesjon til eventuelle utbyggarar på Utsira Nord nærmar seg. Vurderingar av støtte vil vere avhengig av teknologiutviklinga og prosjektmodninga framover.

Regjeringa tek sikte på å utlyse ein konkurranse om minst tre prosjekt på opptil 500 MW på Utsira Nord rundt årsskiftet, så framt det ikkje kjem store endringar som følgje av høyringsinnspela. Tildelinga på Utsira Nord vil vere basert på kvalitative kriterier.

Aktørar har teke til orde for at hybride løysingar, der krafta kan takast i land både i Noreg og utlandet samstundes som det er høve for kraftutveksling, kan være aktuelle løysingar på Sørlige Nordsjø II . Verknadane av hybridprosjekt og juridiske spørsmål må utgreiast før det eventuelt kan opnast for slike prosjekt.  

Regjeringa legg opp til at botnfast havvind på Sørlige Nordsjø II skal byggast utan statsstøtte. Regjeringa vil så snart utgreiinga av hybridprosjekt er gjennomført utlyse ein auksjon av to til tre område på Sørlige Nordsjø II.

I dei tilfella der det er fleire brukarar av nettet treng ein å sikre ei nøytral og effektiv koordinering. Regjeringa vil difor peike ut Statnett som systemansvarleg til havs.

Vindkraft til havs er ei næring for framtida, og vi er no i ein tidleg fase. For å legge til rette for betre samhandling mellom myndigheiter, forsking og næring og andre interesser, vil Olje og energidepartementet etablere eit samarbeidsforum for havvind. Olje- og energiminister Tina Bru vil ta initiativ til eit første møte i samarbeidsforumet i september.

På sikt er det aktuelt å opne fleire område for fornybar energi til havs, og regjeringa startar no arbeidet med å utvikle det faglege grunnlaget.