Historisk arkiv

Opner områder for havvind i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Ved kongeleg resolusjon er det i dag avgjort at områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II skal opnast for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Det inneber at det blir muleg å søke konsesjon til vindkraftprosjekt til havs.

'
Olje- og energidepartementet opner områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II for søknadar om fornybar energiproduksjon til havs. Foto: NVE

Det annonserte olje- og energiminister Tina Bru under ein båttur til Utsira og HywindDemo utanfor Haugesund i Rogaland 12. juni.

 — No skriv vi eit nytt kapittel i norsk energihistorie. For fyrste gong vil det bli muleg å søke om konsesjon for større prosjekt for vindkraft til havs på norsk sokkel. Vindkraft til havs byr på store mulegheiter for norske verksemder. Vi treng fleire bein å stå på i det grøne skiftet, og dette er enda eit stort steg for havvindnæringa i Noreg, seier Olje- og energiminister Tina Bru.

Etter havenergilova må område opnast av Kongen før det kan søkast om konsesjon til produksjon av fornybar energi til havs.

- Verda vil trenge meir fornybar energi i framtida. Dei verdsleiande offshore-miljø i Noreg kan gå i front for å utvikle teknologien som gjer det mogeleg å nå dei norske og globale klimamåla. Ved å satse på havvind kan vi både skape nye arbeidsplassar for framtida og få ned utsleppa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Eit forslag om opning og eit forslag til forskrift til havenergilova var på høyring i 2019. Kunnskapsgrunnlaget som blei brukt til opninga av områda er basert på NVEs strategiske konsekvensutgreiing frå 2012. NVE vurderte i 2018 om det hadde skjedd vesentlege endringar av betydning for anbefalingane i konsekvensutgreiinga.  

 

— Departementet fekk mange gode innspel i høyringa, og eg har lagt vekt på å finne den rette balansen mellom å legge til rette for denne spanande nye næringa og samstundes sikre at det blir teke omsyn til andre interesser i dei kommande konsesjonsprosessane, fortsetter Tina Bru. 

'
Olje- og energiminister Tina Bru annonserte åpningen av områder for havvind ved HywindDemo utenfor Utsira i Rogaland. Foto: Margrete Løbben Hanssen/OED

Område utanfor Sør- og Vestlandet

I forslaget som var på høyring gjekk departementet inn for å opne området Sandskallen-Sørøya Nord utanfor Hammerfest.

— Eg har merka meg store motstanden mot å opne Sandskallen-Sørøya Nord, mellom anna frå fiskeriorganisasjonane. Fiskeria er ei viktig næring med ein aktiv bruk av havområda våre, og eg har lagt stor vekt på deira synspunkt. Det blir viktig også når vi kjem til konkrete saker, seier Bru. Samstundes ønsker vi å sjå nærare på eit område utanfor Helgeland, slik at det kan opnast område der i neste opningsprosess. Dette har vore eit ynskje frå fleire næringslivsaktørar i Nordland, understrekar Bru.

Desse to områda blir i dag opna:

  • Utsira Nord ligg vest av Utsira og Haugalandet, og eignar seg for flytande vindkraft, som er den mest spanande teknologien sett med norske auge. Området er også stort, 1010 kvadratkilometer, ligg nært land, og legg dermed til rette for både demonstrasjonsprosjekt og større prosjekt. Storleiken på Utsira Nord gjer det også muleg å tilpasse seg andre interesser i konsesjonsprosessen. Departementet føreslår å opne dette området for å legge til rette for slik teknologi.
  • Sørlige Nordsjø II grensar mot dansk økonomisk sone søraust i Nordsjøen, noko som gjer området aktuelt for direkte eksport av kraft. Området er på heile 2591 kvadratkilometer og har djupner som gjer det muleg å utvikle botnfast vindkraft der, men det er også muleg med flytande vindkraft.

Vil gjelde frå 2021

Områda blir opna frå 1. januar 2021, og det er ved opninga sett grenser for kor store utbyggingar som kan tillatast i områda.

— Samla legg områda til rette for 4 500 MW med vindkraft, noko som gjev rike mulegheiter for utvikling. Samstundes legg vi viktige avgrensingar på aktiviteten av omsyn til anna aktivitet og til miljøet, seier olje- og energiministeren.

Områda legg til rette for utbyggingar som kan produsere kraft tilsvarande forbruket til over ein million husstandar.

Kongen har i dag også ved kongeleg resolusjon fastsett havenergilovforskrifta, som utdjupar havenergilova og mellom anna klargjer konsesjonsprosessen.

Les meir:

NVE sitt temakart, som viser alle utgreiingsområda for havvind 

Kongeleg resolusjon for fastsetjing av forskrift til havenergilova

Kongeleg resolusjon for opning av områda