Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Tiltakspakke for sårbare barn og unge vedteken

Stortinget har vedteke regjeringas forslag om ein tiltakspakke på over 400 millionar kroner, som skal gå til å betre situasjonen for sårbare barn og unge, både under og etter koronakrisen.

Tiltakspakka skal bidra til at sårbare og utsette barn og unge får hjelp til å ta igjen tapt progresjon på skulen, førebyggje at barn og unge vert utsette for vald og overgrep, gjere helsestasjons- og skulehelsetenestane meir tilgjengelege og styrke tilbodet om avlastingstiltak og aktivitetstiltak for barn og unge med store behov. Midlane skal også bidra til at organisasjonar kan gjennomføre ferie- og fritidstilbod under gjeldande smittevernreglar, særleg i sommarferien.

– Heilt sidan koronapandemien kom, har regjeringa jobba hardt med å få på plass tiltak som skal kome sårbare barn og unge til gode. Dette er ein gruppe som har lidd spesielt mykje under koronakrisa. Eg er difor glad at Stortingiet nå har vedteke regjeringas forslag til tiltakspakke, seier barne- og familieminister Ida Lindtveit Røse (KrF).

Oppfølging av elevar

Av midlane i pakken, skal 170 millionar kroner gå til tiltak knytt til skule.

– Sårbare elevar skal ikkje sakke akterut som følgje av koronakrisa. Det kan vi ikkje godta. Gjennom denne tiltakspakka skal vi hjelpe elevar som har tapt progresjon som følgje av smittevernstiltaka. Pengane kan brukast på ulike tiltak, som intensivopplæring for elevar som ligg etter, sommarskule eller ekstra lærarar og andre tilsette for å nemne noko, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Viktige helsetilbod

I situasjonen som vi no er i, er det ekstra viktig at helsestasjons- og skulehelsetenesta er tilgjengeleg.

– Barn og unge må få god oppfølging sjølv om vi er i ein krevjande situasjon. No som smittetala er låge er det viktig at helsestasjonane og skulehelsetenesta kjem mest muleg tilbake i ein normalsituasjon, og er til stades for å hjelpe barn og unge som har ulike behov, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Beskytte dei sårbare

I tiltakspakka er det også sett av midlar til politiet, konfliktrådet og utlendingsstyresmaktene.

– Det gjer oss i stand til å ta vare på fleire sårbare barn og unge, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Ho peikar mellom anna på behovet for ein innsats mot internettrelaterte overgrep.

– Det er registrert ein auke i deling av overgrepsmateriale, og politiet åtvarar mot auka risiko for uønskte seksuelle nettovergrep under koronapandemien. Politiet vil med utgangspunkt i dei føreslåtte midlane utvikle det førebyggjande arbeidet mot overgrep som skjer over internett, gjennom nettpatruljar og vidareutvikling av nettenestar retta mot barn, seier Mæland.

Blant tiltaka er:

  • 170 millionar kroner til at skuleelevar får tatt igjen tapt progresjon som følgje av smittevernstiltak
  • 150 millionar kroner til helsestasjonar, skulehelseteneste og avlastningstiltak for barn med store behov
  • 53 millionar kroner til ferie- og fritidsaktivitetar til utsette og sårbare barn og familiar
  • 10 millionar kroner til innsatsen mot overgrep mot barn over internett
  • 7 millionar til Røde Kors sitt samtaletilbod «Kors på halsen»
  • 4 millionar kroner til oppfølging av ungdom som gjennomfører ungdomsstraff og ungdomsoppfølging
  • 4 millionar kroner til Alarmtelefonen for barn og unge
  • 2 millionar kroner til aktivitetstilbod for barn i mottak
  • 1,8 millionar kroner til Mental helse – Foreldresupport og informasjonsvideoar for framandspråklege foreldre

Se også stortinget.no

 

Til toppen