Trasévalet for Hordfast ligg fast

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

– Vi vel å trekke proposisjonen om utgreiing og planlegging av Hordfast. Den førre regjeringa la fram proposisjonen rett før dei gjekk av. Vi ser ikkje at ein slik proposisjon er nødvendig for det vidare arbeidet med prosjektet. Det er uansett dagens traséval Statens vegvesen skal jobbe vidare med, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I dag la regjeringa fram ei stortingsmelding i statsråd. I meldinga kjem det fram at regjeringa trekk proposisjonen om utgreiing og planlegging av Hordfast som regjeringa Solberg la fram 3. september 2021. Proposisjonen er ennå ikkje behandla av Stortinget. 

– Under den ordinære spørjetimen i Stortinget 27. oktober sa eg at vi ikkje kom til å trekke proposisjonen. No har eg vurdert saken nærare og endra syn. Eg meiner det ikkje er nødvendig med denne proposisjonen for at Statens vegvesen skal jobbe vidare med prosjektet som dei allereie gjer, seier Nygård.

For fleire opplysningar – sjå: