Statsbudsjettet 2026
Trening på aviser gir betre språkmodellar
Pressemelding | Nr: 51/25 | Dato: 15.10.2025 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Regjeringa foreslår å løyve 45 millionar kroner for at Nasjonalbiblioteket kan inngå ein avtale for å bruke aviser i trening av norske og samiske språkmodellar.
– Noreg blir først ut i verda med ein slik vederlagsavtale. Å få dette på plass er godt nytt både for opphavspersonar og for alle som brukar kunstig intelligens, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Regjeringa har tidlegare gitt Nasjonalbiblioteket i oppdrag å trene norske og samiske språkmodellar og gjere desse tilgjengelege. For at språkmodellane skal bli best mogleg for norsk og samisk bruk, må dei trenast på store mengder kvalitetsdata.
Dei 45 millionane skal gå til ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor, slik at journalistar og mediebedrifter får betalt for at språkmodellar vert trena på deira materiale. Kopinor inngår avtalen på vegne av Mediebedriftenes Landsforening.
– Med dette aukar regjeringa tempoet i satsinga på språkmodellar og kunstig intelligens. Dette er viktig for å ivareta norsk språk og kultur, seier Jaffery.
Regjeringa vil at Noreg skal ta i bruk kunstig intelligens på ein innovativ og etisk trygg måte. Derfor legg regjeringa til rette for utvikling av KI som er betre tilpassa bruk på norske arbeidsplassar, i norsk skule og utdanning.
Tiltaket er ein del av regjeringa sitt arbeid med å etablere ein nasjonal infrastruktur for kunstig intelligens, som vart varsla i Nasjonal digitaliseringsstrategi frå 2024.